Copy
Til  <<Fornavn>> <<Etternavn>>

Internasjonalt landbruksnytt nr. 11 - 2019

I dette nummeret kan du m.a. lese om forhandlingar mellom EFTA og Mercosur, Brexit-førebuing, ein allianse til forsvar for EUs landbruk, storfeavtale mellom EU og USA og ei mystisk avtale mellom Mexico og USA.
 
Tidlegare utgåver av internasjonalt landbruksnytt kan lesast her.
 
God lesnad!
Helsing Hildegunn Gjengedal, seniorrådgivar i Norges Bondelag
 

EFTA-Mercosur-forhandlingar i sluttfase

EFTA, der Noreg inngår, hadde ny forhandlingsrunde med handelsblokka Mercosur sist veke. Store landbrukseksporterande land som Brasil og Argentina er med i blokka, og dei ynskjer marknadstilgang på produkt som storfe og kylling, frukt og grønt og korn. Enkelte trudde dette skulle bli siste runde, men det blir ny runde i august. Det er ikkje offentleg kva konkret som vart lagt fram av tilbod i runden.
 

EU-bønder fryktar Brasil-import

EU-bønder og matindustri har sendt brev til EU-kommisjonen der dei ber om spesiell behandling av sensitive produkt i dei pågåande forhandlingane med Mercosur. Gruppa ynskjer seg m.a. importlisensar for importkvotane, styrt av EU, i staden for fyrstemann til mølla. Dei meiner redusert toll på kjøt vil underminere EUs eigen produksjon. EU og Mercosur er no inne i sluttforhandlingane om ei handelsavtale. 99 000 tonn storfekjøt er truleg tilbydt frå EU, men fordelinga fryst/ferskt er uklar (AgraFacts 46).
 

Kommisjonen vurderer Brexit utan avtale – kamp om statsministerpost

Kommisjonen kom 12.juni med ein rapport om førebuing til Brexit. I rapporten slår EU fast at ein Brexit utan avtale ikkje kan utelukkast, at Storbritannia må betale det dei skuldar også utan avtale, at Belfast-avtala om opne grenser mellom Nord-Irland og Irland må oppretthaldast og at ein må finne ei løysing på borgarrettar. Det er sett opp nye kontrollpostar for grensepassering og transportørar bli oppmoda til å ha dokumenta i orden. På EU-toppmøtet 20.-21.juni blir Brexit toppsak. Det er no 6 kandidatar til å bli ny leiar i det konservative partiet i Storbritannia etter at May trekker seg som følgje av Brexit. Boris Johnson leiar, sjølv om han ikkje deltok i fyrste TV-debatten. Det konservative partiet skal til slutt velje mellom 2 kandidatar. Det er venta at vi har svaret 22.juli. National Farmers Union åtvarer kandidatane mot å forlate EU utan avtale(AgraFacts 46/BBC).
 

Allianse til forsvar for EU-landbruk i handelspolitikken

Ein allianse for forsvar av europeisk landbruk (ADEA) er stifta av ei gruppe landbruks- og matprodusentar som er uroa over EUs handelspolitikk. Gruppa ber parlamentspolitikarane forsvare og promotere europeiske bønder og produkt, og sikre rettferdige konkurransevilkår i handelsavtaler med tredjeland. EU-institusjonane må kreve at importert mat følgjer same standardar som europeiske produkt. EU-forbrukarane må få vite skilnaden på EU-produkt og importerte produkt (AgraFacts 46).
 

EU-USA-avtale om storfekjøt

EU og USA er samde om at USA skal få ei kvote på 35 000 tonn storfekjøt. Kvoten er del av ei allereie eksisterande WTO-kvote på 45 000 tonn. Resten av kvoten på 10 000 blir delt på andre interessentar. Kvoten vart oppretta etter at EU tapte ei sak mot USA i WTO om EUs importforbod mot hormonhandsama kjøt. USA trua med straffetoll. Kvota vart oppretta som eit kompromiss, men fleire land har benytta seg av kvota og verdien for USA gjekk ned (ATL 15.06.19).
 

Kommisjonen foreslår 2020-budsjett for landbruket

Kommisjonen foreslår å auke landbruksbudsjettet med 340 mill euro for 2020 (0,8%) i sitt nye forslag til budsjett for 2020. Det samla budsjettet aukar med 1,3% frå 2019. Jordbrukets del går dermed ned til 35,7%. Krisefondet blir fylt på med 469 mill euro ettersom ingenting vart utbetalt i fjor. Størst auke får forskingsprogrammet Horizon 2020. Ein ventar endeleg EU-vedtak i november. Dette er siste året i langtidsperioden 2014-2020. EU diskuterer no for fullt neste langtidsbudsjett (LRF-24).
 

Endeleg vedtak om nytt regelverk for mattryggleik

Nytt EU-regelverk som skal sikre truverde i godkjenningsprosessane for m.a. kjemiske plantevernmiddel og tilsetjingsstoff er no endeleg vedteke av Rådet og kan dermed setjast ut i livet i mars 2021. Regelverket inneber m.a. at forskingsstudier skal offentleggjerast ved godkjenningsprosessar og EUs ”mattilsyn”, EFSA, får auka ressursar for å utføre testar av kjemiske substansar (LRF-24).
 

Klimastudie av CAP

Ein ny studie bestilt av Kommisjonen analyserer korleis EUs felles landbrukspolitikk (CAP) påverkar klimaet. Konklusjonen er at CAP ikkje lukkast med å redusere klimautsleppa frå jordbruket, sidan ingen av tiltaka i noverande CAP er retta mot utsleppsreduksjonar. Frå 1990 til 2016 har EU-jordbrukets klimautslepp gått ned med 20,7%, men sidan 2012 har utsleppa gått opp. Landbrukskommissær Phil Hogan kommenterer rapporten med at bøndene må få betalt for arbeidet dei gjer, og at dei skal få verktøya dei treng for å handtere klimaendringane. Mange tiltak ligg inne i forslaget til ny landbrukspolitikk (LRF-22/23). Greenpeace skulda Kommisjonen for å prøve å gøyme unna rapporten. Sjå rapporten her.
 

Nytt utbrot av svinepest i Polen

Polen har hatt sitt tredje utbrot av afrikansk svinepest. Det siste utbrotet var sør i landet på eit bruk med meir enn 8000 svin. 1800 smågrisar er slakte ned og det er innført vernesone i ein 3 km radius rundt garden (AgraFacts 43-19).
 

Ein million underskrifter mot bur

Ein million EU-borgarar har signert eit opprop mot hald av husdyr i bur. Fordi nokre av underskriftene er ugyldige, håpar dei å få 1,3 mill underskrifter innan september. Det er nødvendig med 1 mill underskrifter for å lage eit borgarinitiativ i EU (AgraFacts 43).
 

Mystisk USA-Mexico-avtale

Trump twitra for ei dryg veke sidan at handelskonflikt med Mexico var unngått. USA hadde trua med 5% toll på mexicanske varer om dei ikkje stoppa ulovleg immigrasjon til USA. Trump påsto at Mexico ville importere meir amerikanske landbruksprodukt. Men underkomiteen i Representanthuset fekk ulne svar frå byråkratane når dei spurde konkret som låg i avtale. – Eg har ingen konkrete tal, sa ein av dei (Inside US Trade 12.06). Mexico seier dei ikkje har ei konkret avtale på landbruk (NFU/AgriPulse 10.06).
 

Stortingsmelding om multilateralt samarbeid

Regjeringa la fredag fram ei Stortingsmelding om Noregs rolle i multilateralt samarbeid. Regjeringa understrekar kor viktig internasjonale organisasjonar som Verdas Handelsorganisasjon (WTO) og EØS-avtala er for Noreg. Sjå meir her.
 

EAT: Utviklingsministertale og NIBIO-rapport

Utviklingsminister Dag-Inge Ulstein talte på årets EAT-konferanse i Stockholm. Han la vekt på oppfylling av Paris-avtala og styrka innsats på tilpassing til klimaendringane i sårbare statar. Han viste til handlingsplanen for berekraftige matsystem som blir lagt fram av regjeringa fredag. Sjå talen: her Nibio har laga ein rapport der dei vurderer EAT-rapporten frå mange perspektiv. Sjå meir her.
 

Trump vil straumlineforme biotek-regulering

President Donald Trump har instruert føderale byrå til å straumlineforme reguleringar på bioteknologi for å setje fart på investeringar i bioteknologi, som genredigering av avlingar. Men det er lite detaljar om korleis dette skal oppnåast (MorningAg 12.06).
 

Trump truar med høgare toll på fransk vin

I eit intervju med TV-kanalen CNBC truar Trump med å auke tollen på franske vinar. – Frankrike krev mykje av oss for vinen, vi krev lite frå dei. Vi kjem til å gjere noko med det, seier Trump til CNBC. Tollen på vin frå EU til USA er mellom ca 5 og 13%, andre vegen 11-29 cent (CNBC/ABC-nyheter 11.06).
 

Mindre resistente bakteriar i svensk kylling

Forekomsten av såkalla ESBL-resistens hjå svensk slaktekylling har gått ned. Medan 34% av prøvene inneheldt bakteriane i 2017, var talet nede i 13% i 2018. Nedgangen skudast m.a. mindre ESBL-byggande bakteriar i innførte avlsdyr. Samtidig ser ein at antibiotikaresistens aukar innan EU. I Tyskland er annankvar kylling antibiotikaresistent (ATL 12.06).

Copyright © 2019 Norges Bondelag

Legg oss til i dine kontakter

Din registrerte -epostadresse hos oss er <<E-postadresse>>
Endre hvordan du mottar våre nyhetsbrev  | Meld deg av vårt nyhetsbrev 

Email Marketing Powered by Mailchimp