Copy
Til  <<Fornavn>> <<Etternavn>>

Internasjonalt landbruksnytt nr. 5 - 2022

Denne gongen kan du m.a. lese om finsk krisepakke, ukrainsk tap av eksportinntekter og auke i russisk eksport av kveite, samt EUs plan for betre matsikkerheit.

Tidlegare utgåver av internasjonalt landbruksnytt kan lesast her.
 
Helsing Hildegunn Gjengedal,
seniorrådgjevar Norges Bondelag

Finsk støttepakke
Den finske ministerarbeidsgruppa for beredskap har vedteke å løyve 300 milionar euro for å støtte innanlandsk matproduksjon. Pakken inneheld både raske utbetalingar for å støtte bøndenes likviditet og meir langsiktige planar for å styrke sjølvforsyninga. 120 millionar er sett av til nasjonal kompensasjon, 27 millionar til svin, fjørfe, veksthus, lagring av hagevekstprodukt, reindrift og fiskerinæringa, 20,6 millionar til å komplettere EUs krisepakke og 45 millionar i redusert energiskatt.

Ukraina har tapt 1,5 mrd dollar på manglande korneksport
Sidan krigen starta har Ukraina gått glipp av halvannan milliard dollar i inntekter frå korneksport, ifølgje danske Landbrugsavisen/New York Times. Kveite, mais og bygg sit fast på grensa og kjem ikkje vidare ut i verda, ifølgje Ukrainas viselandbruksminister, Taras Vysotskiy. I ei melding frå den ukrainske regjeringa heiter det at 13 millionar tonn mais og 3,8 millionar tonn kveite ligg på lager og kan ikkje eksporterast fordi hamnene er blokkerte. Det er begrensa kapasitet på Donau-hamnene fordi Ukraina vanlegvis ikkje brukar dei til eksport. Det er også problem med transport med tog, sidan Ukraina har andre sporvidder enn i andre deler av Europa. Den ukrainske landbruksministeren Mykola Solskyi seier ifølgje Reuters at dei ventar ei stor avling, og vil kunne eksportere, men at prisane vil vere høge og at dei har problem med drivstoff til våronna. Den tidlegare ukrainske landbruksministeren skriv i brev til EU at dei treng såfrø og drivstoff, ifølgje AgraFacts. Sjå også kva direktøren for den ukrainske landbruksparaplyen UNAF sa til representantskapet i Norges Bondelag sist veke om situasjonen for bøndene i landet på bondelaget sine heimesider

Russland aukar kveiteeksporten
I andre halvdel av mars har Russland fått i gang kveiteeksporten igjen. Mengda ligg langt under 2020-nivået, men er likevel opp frå mars i fjor. I mars i år eksporterte Russland rundt 1,7 millionar tonn kveite mot 1,1 millionar tonn i mars i fjor. Eksporten var då låg på grunn av eksportavgifter. I mars 2020 eksporterte Russland til samanlikning 3 millionar tonn kveite. Rett etter invasjonen fall russisk eksport, men kom sidan tilbake. Sal frå Ukraina er meir problematisk. Dette er akkurat no hovudårsaka til at prisen på kveite og solsikkeolje ligg høgt og gir uro for tilgang på matvarer, særleg i Midtausten og Nord-Afrika. Invasjonen har avskore eksportrutene via Svartehavet. Ukraina prøver i staden å eksportere med jernbane, men det blir berre i små mengder, ifølgje Bloomberg/Landbrugsavisen.

EU-kommisjonen presenterer plan for matsikkerheit
EU-kommisjonen har presentert ein plan for korleis EU kan trygge tilgangen på mat i lys av Russlands invasjon av Ukraina. EU vil tillate produksjon av mat på område som er sett av til økologiske fokusområde. Dette utgjer 5% av jordbruksarealet der det ikkje er lov å bruke plantevernmiddel og mineralgjødsel, og der produksjonen elles er sterkt regulert. Kommisjonen foreslår også tidlegare utbetaling av støtte og ei aktivering av ei krisestøtte på 500 millionar euro. Det meste av desse pengane kjem frå EUs felles landbrukspolitikk, CAP. Tiltak mot avrenning av næringsstoff blir også nedtona på kort sikt. Forsking og utvikling innan nye vekstforedlingsteknikkar inngår også i planen. EUs bonde- og samvirkeorganisasjon Copa-Cogeca er nøgde med pakken, men etterlyser tiltak på gjødsel i tillegg. EU skulle ha presentert to andre lovforslag samtidig: eit direktiv om berekraftig bruk av plantevernmiddel og forslag til ei forordning om mål på tilbakeføring av natur. Desse er utsett til sommaren på grunn av Ukraina-invasjonens påverknad på EU-marknaden. Reglane for statsstøtte blir også endra, slik at medlemslanda kan støtte jordbruket med inntil 35 000 euro i statleg støtte til jordbruksbedrifter som er ramma av krisa. Grensa var før på 20 000 euro. Medlemslanda kan også gi lån til rentestøtte (LRF/AgraFacts/Kommisjonen/Politico).

EU vil lage grøn korridor gjennom Ukraina
Landbrukskommissæren i EU, Janusz Wojciechowski vil hjelpe ukrainske landbruket og bøndene mellom anna ved hjelp av grøne korridorar gjennom landet. Tanken er at det skal gå naudhjelp med m.a. mat inn og eksportprodukt ut utan krav om å utføre papirarbeid. Wojciechowski vil også at Ukraina skal bli medlem i EU og meiner dette kan styrke matsikkerheiten i EU. Bonde- og samvirkeorganisasjonen Copa-Cogeca påpeikar at nytt medlem krev auka midlar til den felles landbrukspolitikken (CAP) og Ukrainas jordbrukssystem ikkje foreinleg med EUs regelverkverk. Til dømes manglar Ukraina eit jordregister (LRF/Politico).

EUs matkommissær planlegg gjennomføring av Farm to fork
EU diskuterer no med seg sjølv om dei skal suspendere deler av jord-til-bord-strategien for ein meir berekraftig jord- og fiskeripolitikk, Farm to fork, på grunn av Ukraina-krigen. Kommissæren for helse og mattryggleik, Stella Kyriakides har kasta seg inn i debatten og argumenter for at Ukriana-krisa gjer Farm to fork meir nødvendig enn nokosinne. – Prisoppgangen på globale jordbruksvarer viser at EUs verdikjede for mat må bli meir motstandsdyktig og berekraftig, sa Kyriakides til landbrukskomiteen i EU-parlamentet nyleg. Ho sa 2022 ville bli «handlingsåret» for Farm to fork. Revidering av regelverket for berekraftig bruk av plantevernmidlar er like viktig, men utsett til juni for å få meir politisk tid til handsaminga, sa Kyriakides. Ho sa også at ho no førebur eit forslag på regulering av matinformasjon og at arbeidet er i gang med ei revidering av dyrevelferdsregelverket. Ho peika også på at importert mat må ha like strenge reglar for dyrevelferd, plantevernmiddelbruk og antibiotikabruk som EU-produkt. Nye reglar for såfrø er venta mot slutten av året og nye reglar for plassering på marknaden av plantar utvikla ved hjelp av genredigering. Det er venta høyringsprosessar for eventuelt nye reglar for genredigering i april/mai, med lovverk ferdig andre kvartal av 2023 (AgraFacts).

Berekraft kan bli del av geografiske indikatorar
EU opnar no for at produsentar kan inkludere sosial, miljømessig og økonomisk berekraft i sin definisjon av eit produkt som skal få geografisk indikator-merking. Det går fram av eit forslag frå Kommisjonen om revidering av regelverket for geografiske indikatorar (GI). Regelverket skal harmoniserast og registreringa forenklast for registrering for både EU-medlemmer og tredjeland. Det er framleis Kommisjonen som skal er ansvarleg for registreringa (AgraFacts).

Tyskland vil utvinne pottaske og støtte bøndene
Mangel på råvarer til gjødselproduksjon på grunn av Ukraina-krigen gjer at Tyskland no vil utvinne ei av råvarene, pottaske i gamle Aust-Tyskland. EU tek ikkje lenger inn pottaske frå Kviterussland, som vanlegvis står for ein tredjedel av pottaske-importen til EU. Prøvedrillinga i Tyskland ser lovande ut. Tyskland er allereie verdas fjerde største pottask-produsent og står for 9% av verdsproduksjonen. Den tyske jordbruksministeren presenterte sist veke jordbruksbudsjettet med ei ekstra støtte på 180 millionar euro til bøndene på grunn av Ukraina-krigens påverknad på marknadene for jordbruksvarer. Det er uklart kva konkret pengane skal gå til. Ein tredjedel av dette vil kome frå EU, særleg frå krisefondet. Landbruksministeren vil på sikt gjere tysk landbruk meir budd på kriser. Han har m.a. foreslått å bruk av areal sett av til økologisk produksjon til fôr. Men dette skal avgjerast på delstatsnivå (Euractiv).

Tyskland vil ha nye TTIP-forhandlingar
Den tyske finansministeren har bedt om å ta oppigjen diskusjonane om ei frihandelsavtale med USA. Under Trump-administrasjonen stoppa forhandlingane om ei såkalla TTIP-avtale mellom EU og USA opp. Med Joe Biden i presidentstolen er stemninga betre mellom dei to partane og Tysklands finansminister Christian Lindner meiner Ukraina-krisa viser at ein treng frihandel med partar ein kan stole på. Det er uklart kor sterk støtte finansministeren har for sitt syn i EU. USA har heller ikkje respondert direkte på spørsmålet om TTIP bør startast igjen (Handelsblatt/Washington Trade Daily 21.03).

Ekspertgruppe presenterer taksonomi-forslag
Sist veke presenterte ei ekspertgruppe eit forslag til klassifisering av berekraftige investeringar i linje med den såkalla taksonomien sine fire mål om berekraftig bruk av vassressursar, overgang til sirkulær økonomi, redusert forureining, samt vern og restaurering av økosystem. Gruppa foreslår m.a. meir ekstensiv drift, bevaring av gamle rasar, vekstskifte og ingen systematisk bruk av plantevernmiddel. EU-kommisjonen skal seinare i år kome med si avgjerd. Då kan dei velje å ta omsyn til ekspertgruppa sine forslag eller ikkje (LRF/Politico/Kommisjonen).

Kina vil halde fram med normal handel med Russland
-Kina er ikkje ein part i Ukraina-krisa. Vi synest ikkje vår normale handel med noko land skal bli påverka. Det sa direktøren for Europasaker i det kinesiske utanriksdepartementet dagen etter at EU i sitt toppmøte med Kina hadde bedt landet om ikkje å hjelpe Russland med å gå rundt vestlege sanksjonar. Kina held fast ved at dei er imot sanksjonar. Kina meiner sanksjonane kan gi valuta-, handels- og finanskrigar og forstyrre verdikjeda (Washington Trade Daily 04.04.22).

WTO vedtek reglar for kvotefyll – og planlegg ministermøte i juni
Hovudrådet i WTO vedtok sist veke prosedyrar for utviklingsland som ikkje fyller kvotane for jordbruksprodukt. Utviklingslanda får dermed meir fleksibilitet enn i-landa når det gjeld krav til kvotefyll. Ministermøtet i Verdas Handelsorganisasjon (WTO) vedtok på Bali i 2013 eit konsulteringssystem med moglege tiltak når kvotar for jordbruksprodukt er mindre 65% fylt opp i to år på rad, eller fyllingsgrada ikkje er rapport inn – vel og merke om det ikkje er ein god grunn til det. Det har etter vedtaket vore strid om korleis korleis dette skulle gjennomførast i utviklingslanda. På hovudrådsmøtet vart altså medlemmene einige om dette (Borderlex).  Det er venta nytt WTO-ministermøte 12.-15.juni i Geneve.

Største prishopp sidan 1981 på amerikanske matprisar
Matprisane i USA har stege med nesten 8% frå februar 2021 til februar 2022. Dette er største hoppet sidan 1981, ifølgje Food Price Outlook for 2022 frå det amerikanske landbruksdepartementet. I mars ventar dei prisane stig med rundt 5%. Mat i restaurantmarknaden er venta å auke rundt 6%. For enkeltprodukt er det storfe og kalv som er venta å auke mest, med vel 16%. Krigen i Ukraina og auka rente vil forsterke trenden, ifølgje amerikanske NPR.

Facebook
Twitter
Instagram
Website
Copyright © 2022 Norges Bondelag

Legg oss til i dine kontakter

Din registrerte -epostadresse hos oss er <<E-postadresse>>
Endre hvordan du mottar våre nyhetsbrev  | Meld deg av vårt nyhetsbrev 

Email Marketing Powered by Mailchimp