Copy
Til  <<Fornavn>> <<Etternavn>>

Internasjonalt landbruksnytt nr. 15 - 2019

Veke 36-37 2019

Denne gongen kan du m.a. lese om EFTA-Kina-forhandlingar, forslag til ny EU-kommisjon, Brexit, tysk glyfosatforbod.
 
Tidlegare utgåver av internasjonalt landbruksnytt kan lesast her.
 
God lesnad!
Helsing Hildegunn Gjengedal, seniorrådgivar i Norges Bondelag

Forhandlingsmøte EFTA-Kina

Sist veke møttest Kina og EFTA (Noreg, Sveits, Island og Liechtenstein til forhandlingar om ei frihandelsavtale. Regjeringa melder at det var positiv framgang, men går ikkje i detalj om kva som ligg på bordet. Det gjenstår å finne løysing på fleire krevjande kjerneområde, spesielt marknadstilgang på varer, ifølgje regjeringa. Noreg ynskjer  m.a. marknadstilgang på industrivarer, inkludert fisk, Kina på landbruksvarer. Dette var 16.forhandlingsrunde. Det blir ei ny runde i november. 


Forslag om ny landbrukskommissær frå Polen

Den nye EU-presidenten, Ursula von der Leyen, har presentert sine kandidatar til nye EU-kommissærar. Som landbrukskommissær er foreslått polske Janusz Wojciechowski. Han har vore nestleiar i landbrukskomitéen i Parlamentet. Kandidaten seier han vil arbeide for ein langsiktig strategi i jordbrukspolitikken, fokusere på å gjere den felles landbrukspolitikken (CAP) meir rettferdig, og utjamne skilnader i utbetalt støtte mellom medlemslanda. Han vil fokusere meir på små- og mellomstore bruk. Han er også kjend for dyrevelferdsforslag, som å slutte tvangsôring av gås. I tiltredingsbrevet skriv von der Leyen at han skal fokusere på å modernisere og forenkle CAP for å oppretthalde matvaretryggleik og oppnå miljø- og klimamål. Wojciechowski er under korrupsjonsetterforsking om reiserekningar. Den tidlegare landbrukskommissæren frå Irland, Phil Hogan, er foreslått som ny handelskommissær. I oppdragsbrevet til Hogan blir han bedt om å bruke sanksjonar når land (les USA) set i verk ulovlege tiltak og samtidig blokkerer WTOs tvisteløysingdomstol. Kypriotiske Stella Kyriakides er foreslått som ny helsekommissær, og har fått beskjed om å fokusere på berekraftig matproduksjon. Frans Timmermans frå Nederland er nominert som klimakommissær. Parlamentet skal no vurdere kandidatane (LRF veke 37/Inside US trade 10.09).
 

Spår matmangel ved «no deal»-Brexit

Ein rapport frå den britiske regjeringa spår matmangel, medisinmangel og protester i gatene ved ein Brexit utan avtale. Regjeringa er tvungen av parlamentsmedlemmer til å frigi rapporten. Johnsons administrasjon har blitt skulda for å gøyme dei verste effektane. Rapporten er korta ned og har fått «verst tenkeleg utfall» i tittelen. Grensekontrollen vil bli gjeninnført og flyten i varestraumen forsinka med 1,5-2,5 dagar gjennom kanalen frå Frankrike, der ¾ av medisinane kjem inn. Dårlegare tilgang på veterinærmedisin kan auke sjansane for sjukdomsutbrot, og tilgang på enkelte typar ferskmat vil bli dårlegare og maten dyrare, ifølgje rapporten. Matsektoren blir hardast ramma fordi den er så tett integrert over landegrensene. Det britiske bondelaget meiner Brexit utan avtale vil vere katastrofalt. Parlamentet har vedteke at Johnson må be om utsetjing av dagens utmeldingsdato 31.oktober viss ein ikkje er samde med EU om ei avtale innan 19.oktober. Johnson seier han heller vil dø i ei grøft enn å be om utsetjing. Han har no oppløyst Parlamentet til 14.oktober. Denne veka skal britisk høgsterett vurdere om Johnson hadde juridisk rett til å gjere dette. Måndag møtte Boris Johnson EU-president Juncker. Etter møtet sa Johnson at papir har blitt utveksla, men at EU må gi opp sitt forslag til korleis grensa til Nord-Irland blir handtert («backstop»). EU på si side seier Storbritannia ikkje har kome opp med alternative løysingar for grensespørsmålet. Onsdag diskuterer EU-parlamentet Brexit (AgraFacts 70/BBC).


Kina kjøper soya frå USA før nytt forhandlingsmøte

Kina kjøper 204 000 metriske tonn soyabønner frå USA, samtidig som dei unntek soyabønner, svin og andre landbruksprodukt for auka toll. Dette blir vurdert som eit forsiktig teikn på at handelskrigen mellom USA og Kina kanskje byrjar mildne (igjen). Soyakjøpet er likevel lite samanlikna med USAs eksport til Kina av 27,7 mill tonn i 2017-2018 og 36,2 mill tonn i 2016-2017 (MorningAgPolitico 16.09).


Trekk tilbake USAs miljøregelverk på vatn

Trump-administrasjonen trekk tilbake det føderale miljøregelverket frå 2015 om vassdrag, kalla Waters of the US (WOTUS). Dette var eit av valløfta til Trump. Ifølgje administrasjonen vil dette gjere det meir føreseieleg for m.a. bønder, og gi mindre byråkrati . Miljøorganisasjonar meiner tilbaketrekkinga vil forringe drikkevatnet til 117 millionar amerikanarar. Dei går no til retten saman med statar som California. Trump planlegg å innskrenke regelverket slik at nærare halvparten av vassvegane blir tekne ut av miljøreguleringa (AgraFacts 70/MorningAgPoitico 13.09).


Helsegrupper ber om AMR-handling

17 sivile- og bransjeorganisasjonar innan menneske- og dyrehelse har sendt eit ope brev til EU-parlamentarikarane der dei ber om å opprette ei eiga parlamentsgruppe dedikert til antibiotikaresistens (AMR). Dei ber også om at AMR blir sett i sentrum for diskusjonane mellom EU-institusjonane. 33 000 døyr kvart år i EU pga AMR, 700 000 på verdsbasis. Det kostar EU 1,5 mrd euro i året (AgraFacts 70).


1,6 millionar underskrifter mot dyr i bur

Over 1,6 millionar EU-borgarar har signert eit opprop mot dyr. Dyrevelferdsorganisasjonane kallar det den største politiske aksjonen i husdyras dyrevelferdshistorie. 170 organisasjonar står bak kravet. Når eit initiativ får over 1 million underskrifter, med minimumskrav nådd for minst 7 land, må Kommisjonen ta stilling til forslaget. 21 land har nådd minstekravet til dette initiativet (AgraFacts 70). 


EU vil bli klimanøytral i 2050 – 25% til klima

EU vil bli klimanøytral innan 2050, og bruke 25% av budsjettet for 2021 til 2027 på klima. Dette framgår av Kommisjonens uttale i forkant av FNs klimamøte 23.september. Innan 2020 skal EU ha ein strategi for å nå målet. 93% av EU-borgarane meiner klimaendringar er eit alvorleg problem. 24 medlemsland støttar ideen om å bli klimanøytral, fire land treng meir tid (AgraFacts 69).


Sør-Korea gir opp u-landsstatus i WTO

Sør-Korea vil gi opp sin status som u-land i WTO . Ministeren for handel, industri og energi seier at å oppretthalde statusen vil føre til konflikt med USA, noko som er uønskeleg. USA har instruert handelsdepartementet til å bruke alle tilgjengelege midlar for å endre dagens WTO-regelverk som gir medlemmer sjølve rett til å definere seg som u-land. Utan endringar vil USA sjølve bestemme kven dei vil handsame som u-land. Kina og India er mellom landa USA har kritisert for å definere seg som u-land (MorningTradePolitico 06.09).


Tysk glyfosatforbod

Den tyske regjeringa vil innføre forbod mot bruk av glyfosat frå 2023. Dette er del av eit program for å verne om insekta ved å kutte sprøytemiddel. Landbruket skal få økonomisk støtte for å slutte å bruke glyfosat. Nedtrappinga vil skje frå 2020. Agricultural Industry Association meiner forslaget berre er symbolpolitikk som vil skade tyske bønder (AgraFacts 67).

Til slutt: Her kan de lese om ein amerikansk mjølkebonde med 350 kyr som ynskjer marknadsregulering og levelege vilkår for familiebønder i alle land: her

Hør også landbrukspoddens sending om Mercosur-avtalen og hva den betyr for norske bønder. 
 

 

Facebook
Twitter
Instagram
Website
Copyright © 2019 Norges Bondelag

Legg oss til i dine kontakter

Din registrerte -epostadresse hos oss er <<E-postadresse>>
Endre hvordan du mottar våre nyhetsbrev  | Meld deg av vårt nyhetsbrev 

Email Marketing Powered by Mailchimp