Copy
Til  <<Fornavn>> <<Etternavn>>

Internasjonalt landbruksnytt nr. 16 - 2021

Denne gongen kan du m.a. lese om dansk klima-avtale, britiske svinebønder i krise og Matsystemtoppmøtet.

Tidlegare utgåver av internasjonalt landbruksnytt kan lesast her.
 
Helsing Hildegunn Gjengedal,
seniorrådgjevar Norges Bondelag

Klima-avtale med jordbruket i Danmark
4.oktober vart det inngått ei brei politisk avtale om grøn omstilling av det danske landbruket. Avtala fastset eit bindande mål for landbrukets klimapåverknad. Målet er å kutte klimautsleppa frå jordbruk og skog med 55-65% innan 2030 (basert på 1990-nivå). Avtala viser veg til eit kutt i drivhusgassar på 7,4 millionar tonn CO2-ekvivalentar, men dei konkrete initiativa i denne avtala sikrar berre ein reduksjon på 1,9 mill tonn i 2030. Det følgjer også finansiering med kuttet. Finansieringa kjem både via EUs nye felles landbrukspolitikk (CAP) og av nasjonale midlar. Det er sett av rundt 3.8 mrd danske kroner i statlege midlar til grøn omstilling. Det danske bondelaget, Landbrug og Fødevarer er positive til avtala. Leiar Søren Søndergaard meiner avtala er betre enn fryktar og gir grunnlag for meir langsiktige investeringar. Han er også godt nøgd med finanseringa: - Det er ein siger at partia har prioritert meir pengar til finansiering av grøne tiltak, som sikrar reel og forbetra klimainnsats framfor ei rein omfordeling av eksisterande midlar, seier Søndergaard. Les heile avtala her (Landbrug og Fødevarer/Landbrugsavisen).
 
Britiske bønder åtvarar om grisekrise
Britiske svinebønder er redde mangel på slaktarar og slakteriarbeidarar vil føre til krise i næringa. 150 000 griser som skulle ha vore slakta er framleis på gardane. Brexit og Covid 19 har ført til stor mangel på arbeidskraft. Aust-europeiske arbeidarar som reiste heim under koronakrisa kjem ikkje tilbake. Dei britiske svinebøndene ber no daglegvarekjedane om ikkje å kjøpe billegare importert svin. Industrien prøver å auka løningane, styrke opplæring og bruke meir automatisering. Dei ynskjer også å lette på immigrasjonsreglane, men har ikkje lukkast. Styresmaktene har tidlegare letta på immigrasjonsreglane for å redde jule-kalkunen. Statsminister Boris Johnson roa ikkje akkurat svinebøndene med å spøke bort spørsmål om faren for masseslakt med at tilhøyrarane måtte forstå at griser uansett skulle slaktast. Han meiner tomme hyller i butikkane og mangel på bensin er del av ein overgangsjustering etter Brexit (Reuters/AgraFacts).
 
Storbritannia vil liberalisere regelverk for genmodifisering
Den britiske miljøministeren, George Eustice annonserte 29.september at regjeringa vil frigjere potensialet i genmodifisering. Etter ein høyringsprosess sist vår, vil regjeringa no gå gjennom regelverket og ekskludere genteknologiar som kunne ha blitt utvikla gjennom tradisjonell planteforedling. Ved introduksjon av framand DNA i ein organisme vil GMO-reguleringa framleis gjelde. Bondelaget NFU er positive til endringa. Nestleiar Tom Bradshaw meiner genredigering kan vere bra både for klimaet, bekjempe sjukdom, betre dyrevelferda og utvikle sortar som taklar endra klima og held seg lenger (AgraFacts).
 
Verdshandelen høgare enn før korona
Auka aktivitet i verdsøkonomien fyrste halvår av 2021 har gitt sterk auke i verdshandel. Handelen er no høgare enn i tida før korona ramma verda. Ein ventar no at global handel vil vekse med 10,8% i 2021, melder Verdas Handelsorganisasjon (WTO). I mars var spådomane ein vekst på 8%. Men det er store regionale skilnader. Fleire utviklingsland heng etter. Generaldirektør i WTO, Ngozi Okonjo-Iweala seier dette skuldast ujamn fordeling av korona-vaksiner (WTO).
 
USA har lovande vaksine mot afrikansk svinepest
Det amerikanske landbruksdepartementet (USDA) har funne ei lovande vaksine for å kjempe mot afrikansk svinepest. Det melde dei om i slutten av september. Vaksina ga immunitet til ein tredjedel av svina etter to veker og fullt vern etter fire veker, viser studiet. USDA utgreier no vidare kor effektiv og trygg vaksina er under kommersiell produksjon i samarbeid med eit vietnamesisk selskap, ifølgje Bloomberg.
 
Bonden får berre ein fjerdelel av matkrona
Bonden får berre ein fjerdedel av det forbrukaren betalar for maten. Det viser ein global studie frå universitetet i København. Utgifter til lagring, transport, engrossal, detaljhandel og marknadsføring et seg stadig inn på bondens del av kaka, ifølgje Landbrugsavisen. Undersøkinga er gjort i 61 land som til saman dekker 90% av verdsøkonomien. Bondens del av matkronar har falle med 16 til 38% i løpet av 10 år, viser undersøkinga. – Når folk blir rikare blir verdikjeda lenger. Vi krev høgare kvalitet, innpakking, hurtig levering og ferdigrettar. Slik blir bondens del av kaka mindre, seier medforfattar Eva-Marie Meemken. Les meir her
 
Gjøsdelprisar skyt i véret
Gjødselprisane skyt véret. Kina vil no stoppe eksporten for 2022. Innsatsfaktorane på gjødsel har gått stadig oppover i pris siste året. Fosfat er 60-70% høgare enn i fjor, urea har gått opp nærare 80% og potash 85%, ifølgje Progressive Farmer.  I tillegg har gassprisar gått opp, og transportprisar for gjødsel auka også grunna mangel på arbeidskraft og auka kostnader, ifølgje Bloomberg. Politiske vedtak spelar også inn. EU og USA har lagt sanksjonar på den store potash-produsenter Belaruskali OAO pga arrest av journalist på fly i Kviterussland. Og Yunnan-provinsen i Kina har gitt ordre om produksjonskutt for å få ned energiforbruk og utslepp.
 
Matsystemtoppmøte med få konkrete resultat
23.september gjekk FNs lenge annonserte matsystemtoppmøtet av stabelen. Gjennom 18 månader har sivilsamfunnet, bønder, industri og forbrukarar over heile verda delteke i dialogmøte om korleis matproduksjonen kan bli meir berekraftig. Ei rekke verdsleiarar, inkludert Erna Solberg, heldt innlegg over ein dryg dag som var sett av i samband med FNs generalforsamling i New York. Bondelagets nestleiar Egil Chr Hoen deltok digitalt som del av den norske delegasjonen. Fleire forslag til politikkendring vart lagt fram, og medlemslanda kunne velje å tilslutte seg desse. Noreg tilslutta seg eit forslag om å gi bønder betre tilgang på såfrø, eit forslag Norges Bondelag også har vore med på. Bondelaget støtta også forslag om å innføre skulemat basert på lokale råvarer. Vi har også sendt brev til partia i den nye regjeringa om oppfølgjing av toppmøtet. World Farmers` Organisation (der Bondelaget er medlem) heldt innlegg på toppmøtet og introduserte eit forslag om berekraftig husdyrhald. USA annonserte 5 mrd dollar til investeringar i meir berekraftige matsystem, m.a gjennom eit prosjekt for klimasmart landbruk: Agriculture Innovation Mission for Climate (AIM4C). EU ba resten av verda ta modell av deira Farm to fork strategi. Dei har også sendt på høyring ein plan for berekraftige matsystem som skal integrerast i all matrelatert politikk. USA på si side vil berre gi insentiv til bøndene for å dra dei i meir berekraftig retning, ifølgje AgraFacts. Sjå meir om toppmøtet hjå Bondelaget og FN
 

Facebook
Twitter
Instagram
Website
Copyright © 2021 Norges Bondelag

Legg oss til i dine kontakter

Din registrerte -epostadresse hos oss er <<E-postadresse>>
Endre hvordan du mottar våre nyhetsbrev  | Meld deg av vårt nyhetsbrev 

Email Marketing Powered by Mailchimp