Copy
Til  <<Fornavn>> <<Etternavn>>

Internasjonalt landbruksnytt nr. 18 - 2021

Denne gongen kan du m.a. lese om COP26, amerikansk infrastrukturpakke, svenske bønder som vil ha krisepakke som i Noreg, EU som vil stoppe import av avskogingsprodukt og Helsinki som ikkje vil servere kjøt og mjølk.

Tidlegare utgåver av internasjonalt landbruksnytt kan lesast her.
 
God lesnad!

Helsing Hildegunn Gjengedal,
seniorrådgjevar Norges Bondelag

Klager på lite landbruksfokus på COP26
Mange er skuffa over manglande landbruksfokus på klimatoppmøtet COP26. Eigne dagar var sett av for tema som finans, energi og transport, medan landbruk berre inngjekk som ein del av naturdagen. Initiativ for å redusere metanutslepp og avskoging vart lansert og i-landa lova meir finansiering av klimakutt og klimatilpassing i u-land, men mange meiner landbruket hadde fortent ein større plass. I 2017 vart det laga ein arbeidsplan for landbruket kalla Koronivia Joint Work on Agriculture. På COP26 var det fokus på jordhelse og optimal bruk av gjødsel, meir berekraftig husdyrproduksjon og dyrehelse som bidrag til klimakutt. Avgjerder på området er planlagt på COP27 i 2022.  
 
Svenske bønder vil ha grøn krisepakke inspirert av Noreg
Det svenske bondelaget, LRF, ynskjer seg grøn krisepakke inspirert av resultatet av tilleggsforhandlingane i Noreg. Kostnadene i svensk landbruk har som i dei fleste land auka kraftig. Det svenske bondelaget har rekna seg fram til at auka kostnader for svenske bønder for diesel, fôr og andre innsatsvarer tilsvarer 4,1 mrd svenske kroner i året. Sjå debattinnlegg frå LRF her
 
Svenskane kan starte minkavl frå januar
Medan danskane avliva all mink i fjor, kan svenskane starte oppigjen frå 1.januar. Også i Sverige var det utbrot av koronasmitte på mink i fjor haust og påfølgjande nedslakting. Men no har altså svenske styresmakter slått fast at det er trygt å starte oppigjen minkproduksjon. – Skilnaden til når vi tilrådde avlsstopp er at det no finst vaksine, seier statsepizoolog Karl Ståhl til P4-Blekinge, ifølgje ATL.
 
EU vil stoppe avskogingsprodukt
EU-kommisjonen foreslår at alle som sel storfe, soya, palmeolje, tømmer, kaffi og kakao inn til EU må kunne bevise at produktet ikkje har ført til avskoging. Dette blir gjort for å redusere EUs bidrag til avskoging. Miljøbevegelsen er positive til forslaget, men meiner produkt som svin, kylling, gummi og mais også burde vere med. Korn og oljefrø-importørane meiner ein heller bør gjere tiltak for å ta problemet ved rota, heller enn å rydde opp i EUs verdikjeder. Også bonde- og samvirkeorganisasjonane i Copa-Cogeca meiner ein heller bør hjelpe produsentlandet med årsakene til problemet og stiller spørsmålsteikn om forslaget er i tråd med WTO-regelverket. Copa-Cogeca meiner også bøndene må få alternative løysingar og ein plan for opptrapping av proteinproduksjonen, ifølgje AgraFacts.
 
EU annonserer jordhelselov i 2023
EU-kommisjonen har denne veka lansert ein strategi for betre jordhelse. Målet er å redusere forureining av jord til nivå som ikkje lenger er skadelege for dei naturlege økosystema innan 2050. Som del av strategien vil det bli lansert ei jordhelselov i 2023. Innan 2030 har Kommisjonen m.a. mål om å hindre forørking, oppgradere landområde og jord m.a. etter tørke og flom og restaurere karbonrike økosystem. Klimapolitikk inngår også, og innan 2030 skal landareal  og skog fange opp 310 millionar tonn CO2-ekvivalentar. Innan 2027 skal også overflatevatn og grunnvatn vere i god stand, i tråd med Vannrammedirektivet. Farm to fork-måla om å redusere avrenning av næringsstoff og bruk av kjemiske sprøytemiddel med 50% innan 2030 inngår også i jordhelse-strategien. Bonde- og samvirkeorganisasjonen Copa-Cogeca stiller spørsmålsteikn ved kva strategien tilfører til allereie framlagt politikk, og er undrande til kva ei jordhelselov vil innebere i praksis. Unge bønder i EU (CEJA) er særleg positive til at Kommisjonen også tek inn jordvern i strategien, men åtvarer mot auka kostnader for bøndene i strategien, ifølgje AgraFacts.
 
Rovdyrauke bekymrar EUs jordbruksministrar
Jordbruksministrane i EU er uroa over den store auken i rovdyr som truleg er eit resultat av habitatdirektivet. Dei veksande stammane av brunbjørn og ulv er eit stort problem for både turismen og jordbruket i EU. Slovakia, Austerrike, Tsjekkia, Finland, Tyskland og Romania la fram eit papir der dei peikar på at bønder sluttar pga rovdyr. Dei ynskjer ein felles EU-politikk som kan ta tak i problemet. På møtet mellom jordbruksministrane var også skog eit tema. Ministrane støtta i prinsippet den ferske skogstrategien, men meiner medlemslanda framleis må ha styringa med sin eigen skogpolitikk (LRF/AgraFacts). Les meir om møtet i rapport frå landbruksråden i Brussel.
 
EU-kommisjonen lanserer beredskapsplan i 2023
EU-kommisjonen vil legge fram plan for matvareberedskap i 2023. Beredskapsplanen vil ta utgangspunkt i lærdommen frå koronapandemien og legge fram metodar for å auke samordninga av matvareberedskapen. For å leie arbeidet blir eit nytt organ oppretta i EU: Den europeiske beredskaps- og reaksjonsmekanismen for matvaresikkerheit (EFSCM). Ekspertar og aktørar frå heile matvarekjeda i og utanfor for EU skal delta i denne gruppa, ifølgje LRF Brysselnytt/Politico.
 
Afrikansk svinepest nær Danmark
Afrikansk svinepest er stadfesta hjå ein slaktesvinprodusent i Rostock i Tyskland, nærare Danmark enn nokosinne. Det er bekymringsfullt at sjukdomen kjem så nær, men trusselbiletet blir ikkje endra med dette siste tilfellet, seier Jan Dahl i Landbrug og Fødevarer (det danske bondelaget). Han peikar på at Danmark har strenge vaskerutinar på grensa, villsvingjerde og strenge retningslinjer for stell. Men organisasjonen er no ekstra på vakt og kommuniserer med Fødevarestyrelsen (mattilsynet) om det er behov for innstrammingar, ifølgje Landbrugsavisen.
 
Svenske Lantmännen spår høgare for forbrukarprisar
Det svenske kornsamvirket Lantmännen meiner det kraftig varierande véret har hatt negativ effekt på avlingane. Totale avlingar i Sverige er difor lågare enn normalt, knapt 5 millionar tonn. Dette kan gi høgare prisar heilt ut i butikk, åtvarar Lantmannen, ifølgje svenske ATL. Også varer som frukt/grønt og drikkevarer har auka i pris siste tida i Sverige, ifølgje NTB.
 
Russland reduserer eksport av gjødsel
Frå desember stoppar Russland eksport av gjødsel for eit halvt år. Dermed vil 11 millionar tonn mineralgjødsel ikkje seljast på verdsmarknaden fram til mai. Svenske bønder fryktar at dette kan gi auka prisar, ifølgje ATL.
 
WWF åtvarar mot å ete svensk kylling
Svensk kylling får raudt lys i den siste kjøtguiden til Verdas Naturfond. Grunnen er at den ikkje lever opp til krava om klima og dyrevelferd, ifølgje nyheitsbyrået ATL. Guiden skal gjere det enklare å velje produkt som påverkar miljøet så lite som mogleg. Måla til WWF er no innskjerpa til å inkludere også meir sakteveksande rasar, og det har Sverige i liten grad. Einaste kyllingane som får grønt lys er miljømerka (Krav). Men også denne får gult lys på dyrevelferd. Svensk Fågel meiner dette er heilt feil, og at svensk kylling ligger under grenseverdien på 2,6 CO2-ekvivalentar/kg beinfritt kjøt. Berre 1-3% av kjøtet i svenske butikkar får grønt lys frå WWF.
 
Finland vil stemme imot klimaforslag pga taksonomi
Finland har bestemt seg for å stemme imot EUs delegated act (forskrift) på klima på grunn av taksonomireglar for skogen. Dette er eit klassifiseringssystem for kva som blir rekna for berekraftige aktivitetar. Finland meiner desse reglane er vanskelege å forstå og opne for tolking. Finland fryktar at dette kan gjere at skogen blir ekskludert frå taksonomien og sette investeringar i skogen i fare. Finland beklagar også at kriteria også behandlar vasskraft og bioenergi annleis enn andre lågutsleppsenergikjelder. Sverige vil også stemme imot, ifølgje Euractiv.
 
Helsinki vil ikkje servere kjøt og mjølk
Mjølk og kjøt vil ikkje lenger bli servert på offentlege arrangement, seminar, møter og workshops i Helsinki frå januar. Havreprodukt skal erstatte kumjølk og menyen skal bestå av sesongbasert vegetarmåltid og ansvarleg produsert lokal fisk. Det finske bondelaget, MTK, meiner dette er grønvasking og Senterpartiet seier det er trist at ein forbyr innanlandsk produsert kjøt på denne måten, ifølgje Euractiv.
 
Lausdrift, halar og ingen kastrering av danske svin i 2050
Dei danske svineprodusentane har ein visjon om at purkene skal gå lause, smågrisene skal ha hale og kastrering skal vere utfasa innan 2050, ifølgje svenske ATL. Visjonen vart presentert i samband med grisekongressen og er signert av alle bransjeorganisasjonane for svin i Danmark.
 
India droppar omstridd landbruksreform
Den indiske statsministeren Narendra Modi har annonsert at han trekk tilbake tre kontroversielle landbrukslover etter eitt år med heftige protestar, ifølgje BBC. Tusenvis av bønder har slått leir ved grensa til Dehli sidan sist november og fleire har døydd av hete. Bøndene meiner lovene vil opne for private aktørar i landbruket og vil gi lågare inntekter for bøndene. Komande val i landbrukstunge Punjab og Uttar Pradesh kan ha bidratt til at statsministeren no trekker tilbake lovforslaga.
 
Brasil til sak mot EU i WTO for salmonella
Brasil har bedt om konsultasjonar med EU i WTO om det dei kallar diskriminerande salmonella-kontroll av salta kylling og kalkun med pepar. Brasil meiner dette fører til urettmessige handelsbarrierar. Dette er fyrste steget i ei formell tvistesak i Verdas Handelsorganisasjon (WTO). Brasil meiner strengare kontrollregime for salmonella i salta og pepra fjørfe enn i fersk fjørfe bryt med WTOs sanitære og fytosanitære regelverk (SPS), ifølgje Reuters.
 
Verdshandelen ned pga trege forsyningskjeder
Opphoping av varer i hamner og mangel sjåførar er noko av grunnen til at verdshandelen går nedover. Det viser det siste varehandelsbarometeret til Verdas Handelsorganisasjon (WTO). Etterspurnaden er også lågare enn ved førre måling. WTO meiner lågare etterspurnad kan lette noko med problema i hamnene, men forseinkingar og opphopingar forsvinn ikkje, sidan kontainer-problema er rekordstore. WTO trur problema held fram så lenge vaksinasjonsgrada er låg, særleg i u-landa, og nye utbrot stadig dukkar opp, ifølgje Inside US Trade.
 
Lite tru på WTO-resultat på landbruk
Trua på å få til eit resultat på landbruk under ministermøtet i WTO nærmar seg null ifølgje Washington Trade Daily. Leiaren for landbruksforhandlingane, Gloria Abraham Peralta ga medlemmene frist til søndag for å kome med konkrete forslag etter at dei avviste hennar reviderte forslag på internstøtte og støtte til matvarelager i utviklingsland. Australia og Brasil skal ha avvist teksten på internstøtte og India teksten på støtte til matvarelager. Viss det ikkje kjem innspel til endringar innan søndag, vil Peralta  kome med ein mindre ambisiøs tekst måndag. Ministermøtet startar 29.november i Genève.
 
USA møter Kina om handel
Nyleg hadde USAs president Joe Biden sitt fyrste lenger møte med den kinesiske presidenten Xi. Det digitale møtet tok 3 timar og hadde som venta ingen konkrete resultat. Men Biden understreka at han ville verne amerikanske selskap mot urettmessig handelspraksis. Han ba Kina oppfylle sine plikter inngått i «fase 1» i den tidlegare inngåtte handelsavtala mellom Kina og USA. Biden ba også om réell framgang i handelsdiskusjonane mellom dei to partane. Diskusjonane foregår mellom handelsminister Katherine Tai og den kinesiske statsministeren Liu He ifølgje Washington Trade Daily.
 
Bøndene glade for ny infrastrukturplan i USA
Dei amerikanske bøndene er nøgde med den store infrastrukturpakken som endeleg vart vedteken av den amerikanske Kongressen. – Dette er ein stor dag for amerikansk landbruk. Infrastrukturplanen vil gi ein sårt tiltrengd giv til økonomien på bygda. Den koplar bøndene og bygdesamfunna til resten av landet, sa leiar for National Farmers Union, Rob Larew. Rundt 130 mrd dollar i den rundt 1000 mrd dollar-planen skal vil gå direkte til landbruksformål, ifølgje Politico. M.a vil 65 mrd dollar gå til investering i breiband på bygda. 36 millionar amerikanarar har ikkje breiband, 10 millionar av desse bur på bygda, ifølgje the Daily Yonder.

Facebook
Twitter
Instagram
Website
Copyright © 2021 Norges Bondelag

Legg oss til i dine kontakter

Din registrerte -epostadresse hos oss er <<E-postadresse>>
Endre hvordan du mottar våre nyhetsbrev  | Meld deg av vårt nyhetsbrev 

Email Marketing Powered by Mailchimp