Copy
Til  <<Fornavn>> <<Etternavn>>

Internasjonalt landbruksnytt nr. 6 - 2022

Denne gongen kan du m.a. lese om dansk CO2-avgift, svensk krisepakke og mangel på arbeidskraft i britisk landbruk, samt ei twitter-melding som provoserte EU-bøndene kraftig sist veke

Tidlegare utgåver av internasjonalt landbruksnytt kan lesast her.
 
Helsing Hildegunn Gjengedal,
seniorrådgjevar Norges Bondelag

Et bilde som inneholder tekst

Automatisk generert beskrivelse
                    
Denne gongen kan du m.a. lese om dansk CO2-avgift, svensk krisepakke og mangel på arbeidskraft i britisk landbruk, samt ei twitter-melding som provoserte EU-bøndene kraftig sist veke.
 
- Dansk CO2-avgift kan avvikle landbruket
Danske bønder reagerer sterkt på at den danske regjeringa sitt forslag om CO2-avgift. Regjeringa foreslår ei avgift på 750 danske kroner/CO2 for bedrifter som ikkje er del av EUs kvotesystem (som landbruket) og 375 kr/tonn CO2 for dei som er omfatta av kvotesystemet. Det danske bondelaget, Landbrug og Fødevarer (L&F)har rekna ut at ei avgift på 750 kr/tonn CO2 vil koste landbruket 12,2 milliardar danske kroner. Med eit årleg driftsresultat på i snitt 7,7 milliardar kroner i 2016-2020 gir dette eit minus på 4,5 mrd kroner. For ein gjennomsnittleg mjølkebonde gir dette ei botnlinje på minus 900 000 kr, ifølge L&F. – Ei slik avgift vil vere ei avvikling av landbruket, ikkje eit insitament til å utvikle produksjonen, seier sektordirektør Ida M.L.D. Storm, som fryktar utflytting av produksjonen til land med høgare klimautslepp. Det er ikkje endeleg avgjort om det blir ei slik CO-avgift for landbruket. Regjeringas ekspertutval skal kome med ein rapport om landbruk til hausten, ifølgje Landbrugsavisen.

Svensk hjelpepakke og utgreiing om beredskap
Den svenske Sosialdemokratiske regjeringa kom 25.april med ein ny krisepakke til svenske bønder saman med Centern. Denne pakken er på 2 milliardar svenske kroner, og kjem i tillegg til ein pakke på 1 milliard kroner før Ukraina-krigen (diesel-støtte var viktigaste då). Svenske bøndene i landbruksorganisasjonen LRF er nøgde med at regjeringa kjem med ein pakke. 1590 mrd kr går til husdyrsektoren, 400 millionar til retroaktiv tilbakebetaling av dieselskatt og 50 mill til auka nasjonal støtte i Nord-Sverige. Regjeringa har også annonsert at dei ynskjer ei utgreiing for å styrke svensk matvareberedskap. Svenske bøndene er også veldig positiv til dette, og LRF tilbyr seg å delta i arbeidet.

Mangel på arbeidskraft i britisk landbruk
Britisk landbruk manglar arbeidskraft. Det viser ein ny rapport frå det britiske parlamentet. Årsaka er Brexit og koronapandemien. – Viss ikkje dette blir løyst raskt risikerer ein kjedereaksjonar i sektoren med løns- og prisauke, sa parlamentsmedlemmer i parlamentskomiteen for miljø, mat og bygdesaker.
 
EU-bøndene provosert av påstand om ingen matkrise
EU-bøndene og -samvirka organisert i Copa-Cogeca vart mektig provosert av ei twitter-melding frå EU-kommisjonen sin visepresident Frans Timmermans sist veke. I tweeten hevdar visepresidenten med ansvar for berekraftsarbeidet at det ikkje er fare for matmangel i EU. Han hevdar at dei som spreier frykt for matmangel brukar Ukrainakrigen som eit påskot for å jobbe imot EUs jord til bord-strategi for meir berekraftig produksjon (farm to fork). Copa-Cogecas president Christiane Lambert sa at ein må verken dramatisere eller avdramatisere situasjonen. Ho peika på at EU-bøndene ikkje er imot miljøtiltak, og at EU ikkje kan vere egoistiske når verdikjedene for mat bryt saman for mange andre land på grunn av krigen (AgraFacts).

Kan stille krav til import
Det er nok politisk handlingsrom til å kunne stille like helse- og miljøkrav til produksjonsmåte og -prosess for importerte produkt som til EU-produkt. Det framgår av eit lekka dokument frå Kommisjonen. Men kvart tilfelle må vurderast separat og det må vere godkjent av WTO (Verdas Handelsorganisasjon). Ein må også vurdere om det er teknisk og økonomisk mogleg å gjennomføre. Det er venta at rapporten blir lagt fram i juni. Rådet og Parlamentet i EU ba i juli 2021 om ein slik gjennomgang.

EU vil suspendere toll for Ukraina
EU-kommisjonen har foreslått å suspendere toll for Ukraina for eitt år. Dei foreslår også å suspendere all anti-dumping og sikkerheitsmekanismar inn til EU av stål. EU vil gjennomføre tiltak på bakken som skal forenkle transporten, som til dømes betre vilkår for ukrainske lastebilsjåførar og forenkla transitt og bruk av EUs infrastruktur for å sende ukrainske varer til tredjeland. Parlamentet og Rådet vil no vurdere forslaget om å suspendere tollen, ifølgje AgraFacts. EU-bøndene og -samvirka sin organisasjon Copa-Cogeca støttar forslaget.

Ukraina-krigen vekker liv i EUs Mercosur-debatt
Råvaresituasjonen på grunn av Ukrainakrigen har vekt opp igjen diskusjonen rundt EUs handelsavtale med den latin-amerikanske handelsblokka Mercosur. Avtala vart framforhandla i 2019, men som i Noreg har avtala ikkje nådd Parlamentet enno. No seier saksordføraren i EU-parlamentet, Jordi Canas at det er på tid å sette fart på behandlinga av avtala. Ifølgje Canas kan avtala hjelpe EU til å bli mindre avhengig av import frå nokre få land (LRF Brysselnytt/Politico).

Høyring om berekraftige matsystem
EU-kommisjonen har sendt på høyring eit nytt initiativ på berekraftige matsystem og integrering av berekraft i all matrelatert politikk. Initiativet vil fastsette generelle prinsipp og mål, krav og ansvarsfordeling for alle sektorane i EUs matsystem. Berekrafsmerking, innkjøpsreglar og overvaking og styring av politikken ligg også inne. Høyringa er open til 21.juli (AgraFacts)

WTO-ministermøte 12.-15.juni
Det blir ministermøte i Verdas Handelsorganisasjon (WTO) 12.-15.juni i Geneve. Men det er framleis uklart kor mykje som vil kome ut av møtet. På landbruksområdet har det vore mykje fokus på internstøtte og u-landas bruk av matvarelager og sikkerheitsmekanismar. Reform av WTO står også høgt på dagsordenen. USA, afrikanske land og eksportgrupperinga Cairns ynskjer også å ta opp sanitære og fytosanitær spørsmål på ministermøtet og avtala om desse i WTO frå 1995 (SPS-avtala). Landa meiner dei som brukar SPS-avtala må vere opne om bruken og basere seg på vitskaplege prinsipp som berre dreier seg om å verne om humanhelse, dyr- og plantehelse (WashingtonTradeDaily).

Biden vil gi 500 mill. dollar til bøndene i Ukraina-hjelp
Biden-administrasjonen har foreslått å gi 500 millionar dollar i støtte til amerikanske bønder for å auke produksjonen av kveite, soyabønner, ris og andre produkt for å dekke inn for eksport frå Ukraina som har stoppa opp etter krigen. Forslaget er del av ein større Ukraina-pakke på 33 milliardar dollar. 100 millionar dollar skal gå til støtte for å plante soyabønner. 400 millionar dollar vil gå til auka lån for diversifisering av produksjonen til produkt som kveite, ris og oljefrø. Det amerikanske landbruksdepartementet meiner dette vil hjelpe til å med å stabilisere amerikanske matprisar.

Til slutt nokre lesetips:
Du kan lese i intervju med landbruksråd Magnar Sundfør 2.mai i Nationen om ulike støtteordningar for EU-bøndene i samband med Ukraina-krigen/kostnadskrisa.

Vil du lære meir om dyrevelferdsmerking kan du lese lese om det i denne rapporten frå EU-kommisjonen

…og vil du lære meir om utfordringar knytt til generasjonsskifte i ulike land i Europa kan du lese denne artikkelen i Euroactiv.
 
 

Facebook
Twitter
Instagram
Website
Copyright © 2022 Norges Bondelag

Legg oss til i dine kontakter

Din registrerte -epostadresse hos oss er <<E-postadresse>>
Endre hvordan du mottar våre nyhetsbrev  | Meld deg av vårt nyhetsbrev 

Email Marketing Powered by Mailchimp