Copy
Til  <<Fornavn>> <<Etternavn>>

Internasjonalt landbruksnytt nr. 14 - 2019

I denne fyrste utgåva etter sommaren kan du mellom anna lese om avtala mellom Mercosur og EFTA, handelskrigen mellom USA og Kina, irsk pelsdyrforbod, reaksjinar på IPCC-rapporten og nordisk bondemøte i Reykjavik.
 
God lesnad!
 
Hildegunn

EFTA inngår handelsavtale med Mercosur

Som dei fleste lesarane sikkert har fått med seg inngjekk EFTA, inkl Noreg, og Mercosur (Brasil, Argentina, Uruguay og Paraguay) ei handelsavtale 23.august. Avtala inneber m.a. at Mercosur får null toll og einerett på ei kvote på 500 tonn storfekjøt som alle u-land no kan nytte.

Det er oppretta ei kvote på 300 tonn kylling (100 tonn bearbeidd), 3400 tonn eple 1.-15.mai, 10 000 tonn mais og 9 500 tonn melasse.  Mercosur-landa får nulltoll på WTO-kvotar på fleire produkt som storfe, sau, kylling og svin. Sjå meir på LMDs heimesider og bondelaget.no
 

Handelskrigen USA-Kina trappa opp

Over sommaren har forholdet mellom Kina og USA blitt enno surare. 1.august innførte Trump 10% toll på nesten alle kinesiske produkta som enno ikkje hadde fått toll . Dette vart gjort i frustrasjon over at Kina ikkje hadde respondert etter siste forhandlingsrunde i juli. Kina svarte med å auke tollen på varer verdt 75 mill dollar. Toll på soyabønner går opp frå 25 til 30% og svin frå 50 til 60% frå 1.september, og 1.desember vil toll på mais, sorghum og kveite auke frå 25 til 35%.  Timar seinare svarte Trump med å annonsere auka toll frå 10 til 15% på varer til ein verdi av 300 mrd dollar frå 1.septmeber og frå 25 til 30% for varer til 250 mill dollar. Straffetoll er dermed annonsert for varer til ein verdi som overstig importen frå Kina i fjor. Opprinneleg hadde landa planar om å møtast igjen i september, men det er no usikkert.

Enkelte koplar regnskogbrannane til handelskrigen, sidan Kina no importerer meir soya frå Brasil. Amerikansk eksport av soya til Kina har falle med 80% siste tre åra. Det blir no spekulert i om bøndene vi forlate Trump. – Det er ikkje overraskande at Kina aukar tollane. Kvar gong Trump eskalerer handelskrigen svarer Kina, og bøndene er målet, seier leiar i National Farmers` Union, Roger Johnson. Likevel sa 79% av bøndene ifølgje kanalen CNBC tidlegare i august at dei støttar Trump, og 78% av dei spurde seier handelskrigen til slutt vil hjelpe dei. Økonomar spekulerer no i at ein økonomisk nedgang er på veg til USA (Politico 27.08/Washington Post 28.08/NFU 23. og 28.08).
 

Tentativ handelsavtale USA-Japan på G7-møte

Under G7-møtet i Paris tidlegare denne veka vart Japan og USA samde om ei tentativ handelsavtale som omfattar landbruk, industritoll og digital handel. Avtale er framleis hemmeleg, men det er venta at avtala vil gi auka landbrukseksport på 7 mrd dollar i beste fall. Dette er bra, men berre halvparten av tapet i eksport til Kina, konstaterer National Farmers` Union. Fleire kritiserte Trump for handelskrigen. Han diskuterte også handel og biltoll med EU under møtet. G7-landa (dei rikaste i-landa) ba om reform av WTO, noko USA er svært oppteken av.

USA trua i sommar igjen med å trekke seg frå WTO. G7-landa tilbaud også hjelp til å stoppe skogbrannane i Brasil, men Brasil har førebels takka nei. Frankrike og Irland truar med å ikkje signere den ferske Mercosur-avtala på grunn av skogbrannane (NFU 28.08/Inside US Trade 27.08).
 

EU og USA signerer avtale om kjøtimport

EU gav 2.august USA eksklusiv rett til 35 000 tonn av ei kvote på 45 000 tonn storfekjøt som ikkje er hormonbehandla. Trump seier dette viser at han vernar om amerikanske bønder, og at amerikansk biff er best i verda. Finnen som representert EU sa det finske presidentskapet prioriterer å styrke samarbeidet med USA, og at importen av soya frå USA har vokse enormt siste året (AgraFacts 63).
 

Brexit-forhandlingar to gonger i veka

Forhandlingane mellom EU og Storbritannia (UK) om ordna Brexit blir trappa opp til to gonger i veka. Statsminister Johnson er ”oppmuntra” etter samtaler med EU. Frå sin kant forventar EU ”konkrete forslag” frå Johnson m.a. om grensa mellom UK og Irland. Johnson godtek ikkje forslaget som ligg der i dag. Johnson haustar kritikk i heimlandet etter å ha suspendert Parlamentet i september. Enkelte meiner det er gjort for å hindre dei frå å blokkere ein Brexit utan avtale. Johnson seier UK skal ut 31.oktober med eller utan avtale. Britisk matindustri ber regjeringa gi unntak frå konkurranselova så dei kan samarbeide om matforsyning ved ”no deal”-Brexit. Regjeringa vil iflg The Times kjøpe overflødig kjøt for fem mrd kr i året om det blir ”no deal”.  Det er venta at toll på kjøt vil koste nesten 3 mrd kr og at marknadsverdien på lam går ned med 30%. Sjå også BBC-intervju med nestleiar Bjørn Gimming her (BBC/AgraFacts 63-19)/ATL 01.08).
 

EU-bønder forsvarer kjøtproduksjon og angrip Mercosur etter IPCC-rapport

Leiaren for EU-bøndene i Copa, tyske Joachim Rukwied, meiner FNs ferske klimarapport, IPCC, illustrerer at utfordringane for landbruket berre kan løysast med å produsere meir på eksisterande jordbruksland med lågare utslepp utan å ta av skogområde. Han meiner avtala mellom EU og Mercosur som vart inngått i juni går i stikk motsett retning. Leiaren for dei britiske bøndene, Minette Batters seier IPCC anerkjenner kjøtets viktige plass i ein balansert diett, og at kjøtproduksjon med låge utslepp er del av klimaløysinga (AgraFacts 63-19).
 

Irland legg ned pelsdyrproduksjon

Irland planlegg å forby pelsproduksjon. Landbruksminister Michael Creed annonserte i slutten av juli ei lov som forbyr nyetablering av pelsdyroppdrett og fasar ut dagens produksjon. Ministeren meiner det ikkje er mogleg å kombinere minkproduksjon og god dyrevelferd. Det er i dag 3 minkfarmar i Irland. Regjeringa viser til det norske forbodet (ATL 22.juli).
 

Nordiske bondeleiarar diskuterte klima, handel og antibiotika

Leiarar og tilsette i dei nordiske bonde- og samvirkeorganisasjonane møttest 21.-22.august i Reykjavik. Der sto klima, handel, antibiotika og rekruttering på dagsordenen. Klima er eit sentralt tema for alle landa, men berre Noreg har eit konkret kuttkrav. Synnøve Vatn frå Animalia fortalde om korleis norske bønder hadde fått ned antibiotikabruken, og det svenske bondelaget fortalde om misnøye med handelsavtale med Mercosur. Tiltak for å få unge inn i næringa var også tema på det årlege møtet. Det vart også tid til eit besøk hjå den islandske presidente. Neste år blir møtet arrangert i Noreg. Høyr intervju frå Reykjavik på landbrukspodden med den svenske leiaren for dei europeiske landbrukssamvirka.

Les meir om møtet på Island her

Facebook
Twitter
Instagram
Website
Copyright © 2019 Norges Bondelag

Legg oss til i dine kontakter

Din registrerte -epostadresse hos oss er <<E-postadresse>>
Endre hvordan du mottar våre nyhetsbrev  | Meld deg av vårt nyhetsbrev 

Email Marketing Powered by Mailchimp