Copy
Til  <<Fornavn>> <<Etternavn>>

Internasjonalt landbruksnytt nr. 9 - 2022

I dette fyrste nummeret etter sommaren kan du m.a. lese om tørke i EU, mindre metanutslepp frå beitande kyr, lite krisestøtte til danske bønder, australske bønder som vil ha betre konkurranse i daglegvaresektoren og nordiske bønder som med økonomisk hjelp kan bli grønare.

God helg!

Tidlegare utgåver av internasjonalt landbruksnytt kan lesast her.

Helsing Hildegunn Gjengedal,
seniorrådgjevar Norges Bondelag

47% av EU ramma av tørke
47% av EU er ramma av tørke, medan 17% sto i faresona midt i august, ifølgje EUs landbrukskommissær/AgraFacts. Gjennomsnittlege temperaturar for august var 2-4 grader over 1991-2021-snittet, ifølgje Euractiv. Det varme og tørre veret i EU har vore bra for vintervekstar som kveite, bygg og raps, men dårleg for t.d. mais, ifølgje Euractiv. Variasjonane er også store. I Frankrike er til dømes alt sør for elva Seine hardt ramma av tørke, medan det nord for Seine ser ut til å bli ei bra avling. Ekstrem hete og tørke i Midtvesten i USA, og tørke i Kina og andre deler av verda får mange til å spå fleire år med dårleg tilgang og høge prisar på mat. EU har sett i verk tiltak for å gjenbruke avløpsvatn og utsett krav om å sette til side område for meir ekstensiv produksjon og krav om rotasjon i produksjonen.

Kyr på beite slepp ut mindre metan
Ein ny nederlandsk studie viser at kyr på beite slepp ut markant mindre metan enn dei som står på bås, ifølgje Landbrugsavisen Den førebelse studien viser at eksisterande metodar for å rekne metan-uslepp ikkje er korrekt for kyr som beitar. Fram til no har ein målt metanutsleppa berre på kyr på bås. Når ein no også måler metanutslepp på beite viser den 30% mindre utslepp. Fôret blir omsett på ulik måte, og ein teori er at syrebalansen er annleis for friskt gras og at utsleppet dermed går ned. Frank Oudshoorn frå Innovationscenter for Økologisk Landbrug i Danmark meiner dette gir eit heilt nytt perspektiv for heile landbrukssektoren, og at det gir nye moglegheiter for økologisk landbruk.

Danmark mellom 7 land som ikkje toppa EU-krisepakken
I mars i år kom EU med ein krisepakke på 500 millionar euro til bøndene. Medlemslanda kunne samtidig legge på nasjonale midlar opp til 200 prosent over støttebeløpet. 20 av 27 land valde å toppe krisepakka. Danmark er eitt av berre sju land som valde å ikkje legge til ekstra midlar, melder Landbrugsavisen. Danmark fekk tildelt litt over 10 millionar euro (ca 77 mill danske kroner) av EU-pakken. Pakken vart fordelt på alle landbrukssektorar, noko berre Luxemburg av dei andre EU-landa valde å gjere. Svenske bønder mottok litt over 9 millionar euro frå EU-krisepakken, men la til 18 millionar euro i nasjonal medfinansiering. I Sverige vart støtta gitt spesielt på egg og fjørfe, noko det danske bondelaget Landbrug og Fødevarer meiner vrir konkurransen mellom dei to landa. Finland har lagt til ein støttepakke på 300 millionar euro, Spania 169 millionar euro til mjølkeprodusentar og Polen 836 millionar euro i kompensasjon for auka gjødselprisar. Land som Tyskland har laga generelle støtteordningar der landbruket er med, skriv Landbrugsavisen

Vil ha betre konkurranse i australsk daglegvaresektor
Det er ikkje berre i Noreg manglande konkurranse i verdikjeda for mat er eit heitt tema. I Australia har assisterande minister for konkurranse Andrew Leigh uttalt at marknadskonsentrasjon gir lågare produktivitet, innovasjon og høgare levekostnader. Det australske bondelaget NFF støttar ministeren og ber om umiddelbare reformer i konkurransepolitikken for å sikre bønder og forbrukarar rettferdige vilkår. – Ei handfull selskap kontrollerer heile matmarknaden, seier generalsekretær Tony Mahar i NFF. Han meiner bønders inntekter er pressa og forbrukarane må betale mellom dei høgste prisane i verda for mat, trass i at landbruket er kostnadseffektivt og eksportretta. NFF foreslår å innføre retningslinjer for god handelsskikk, lov som forbyr urettferdig handelspraksis, rett til å reparere maskiner og eit eige kontor for å betre verdikjeda for ferskvarer.

Nederlandsk utkjøping av bønder kan stri imot EU-regulering
Den nederlandske regjeringa sin kontroversielle plan for å kjøpe ut bønder nær nasjonalparkar kan vere i strid med EU-lovgjevinga, ifølgje Euractiv/nederlandske NRC. Støtta kan bli definert som ulovleg statsstøtte. Støtteordninga vart innført i mars av Natur og nitrogenministeren, som kalla den «heilt vilt attraktiv». Støtteordninga er mynta på gardar som slepp ut mykje nitrogen og held til nær nasjonalparkar. Støtta er del av den kontroversielle planen om å halvere utsleppa av nitrogen innan 2030, som har fått bøndene ut i gatene i protest. Den nye støtta gir bøndene lov til å starte produksjon i andre land. EU er redd dette kan presse ut lokale bønder i andre land og forstyrre EU-marknaden. Ordninga har no vore på offentleg høyring i Nederland og skal sendast EU for godkjenning. Den nederlandske regjeringa har sett av 24,3 mrd euro for å nå nitrogen-målet, og 7,5 mrd euro av dette vil bli brukt for å kjøpe ut bønder.

Arla planlegg kontroversielt klimatillegg til enkelte produsentar
Det har skapt uro hjå produsentane at Arla vil gi tillegg i prisen til produsentar som har eit lågt klimaavtrykk. Landsforeningen af Danske Mælkeprodusenter meiner det er ulovleg, ifølgje Landbrugsavisen. Planen skal lanserast på andelsmøte i september. Tillegget baserer seg ifølgje landsforeininga på eit nytt poengsystem. Pengane skal omfordelast av avrekningsprisen. Tillegget blir dermed trekt ifrå dagens basispris og gitt til mjølkeprodusentane som har nok poeng, noko landsforeininga meiner er ulovleg. Dei meiner tillegget må hentast i salsprisen, og ikkje avrekningsprisen, noko som vil stride med samvirkeprinsippet.

720 000 tonn mat skipa ut frå Ukraina
Rundt 720 000 tonn med matvarer har blitt skipa ut frå ukrainske hamner sidan ei avtale vart underteikna av Ukraina og Russland 22.juli. Det varsla koordineringskontoret for overvaking i Tyrkia, ifølgje Reuters. 33 skip hadde tidlegare denne veka segla ut frå dei tre ukrainske hamnene som er med i avtala. 18 skip til er på veg ut, ifølgje den ukrainske landbruksministeren. Eksporten av korn og mais kan nå 4 millionar tonn i august, samanlikna med 3 millionar i juli, ifølgje det ukrainske landbruksdepartementet. Departementet seier eksporten av ukrainske landbruksprodukt er nesten halvert sidan starten på den russiske invasjonen, om ein samanliknar med same periode i 2021. Det ukrainske bondelaget melder at arealet med vintervekstar kan falle 30-60% i 2023 utan statleg hjelp til utsåing og auka eksportmoglegheiter, ifølgje Reuters. Bøndene har alt starta såing av raps og vil starte såing av vinter/haustkveite om to-tre veker.

EFSA vil ha betre grisevelferd
Det europeiske mattilsynet, EFSA, har kome med tilrådingar på grisevelferd. Dei tilrår m.a. slutt på fiksering av gris, halekupering og tidleg avvenning. Griser må få rotemateriale og kastraksjon utan bedøving skal bli ulovleg, om EFSA får det som dei vil. Forslaga er del av Farm to fork-strategien og underlag for kommisjonen sitt forslag som er venta andre halvdel av 2023. Les heile forslaget her
Klimastøtte til amerikanske bønder i inflasjonspakke
Amerikanske bønder får 40 mrd dollar i støtte gjennom den amerikanske inflasjonsreduserande tiltakspakken. Landbruksstøtta skal gå til frivillige miljøprogram, bioenergitiltak og hjelp til å redusere gjeldsbyrden til bøndene. Tiltakspakken var initiert av demokratane og fekk ikkje støtte av republikanarane. Bøndene er godt nøgde med pakken som ifølgje leiar i National Farmers` Union, Rob Larew, skapar optimisme i næringa, skriv AGDaily.

Nordiske bønder treng økonomisk stabilitet for å levere grønt
Nordiske bønder har eit godt utgangspunkt for å produsere mat nok på ein berekraftig måte, men treng gode økonomiske rammevilkår. Det kom fram i sluttresolusjonen frå det årlege presidiemøtet i Nordens Bondeorganisationers Centralråd (NBC). Møtet vart i år arrangert i finske Seinäjoki. Rundt 80 personar deltok på møtet, inkludert deltakarar frå Norges Bondelag, Norsk Landbrukssamvirke og Norges Bygdeungdomslag, pluss to finske ministrar. Matsikkerheit og produksjon i ei uroleg verd var tema for møtet. Du kan lese meir om møtet og resolusjonen på nettsidene til Norges Bondelag
 

Facebook
Twitter
Instagram
Website
Copyright © 2022 Norges Bondelag

Legg oss til i dine kontakter

Din registrerte -epostadresse hos oss er <<E-postadresse>>
Endre hvordan du mottar våre nyhetsbrev  | Meld deg av vårt nyhetsbrev 

Email Marketing Powered by Mailchimp