Copy
Til  <<Fornavn>> <<Etternavn>>

Internasjonalt landbruksnytt nr. 10 - 2022

Denne veka kan du lese om EU-matindustriens alarm om høge energiprisar, svenske bønder som berre får 9 øre av matkrona og EU-rapportar om merking. EU-parlamentet har hatt ei hektisk veke med vedtak om skog og fornybar energi.

God helg!

Tidlegare utgåver av internasjonalt landbruksnytt kan lesast her.

Helsing Hildegunn Gjengedal,
seniorrådgjevar Norges Bondelag

Matindustrien i EU slår alarm om høge energiprisar
Fleire selskap i EUs matindustri vurderer å stanse eller skjære kraftig ned på produksjonen grunna høge energiprisar. Høge prisar på gass, gjødsel, elektrisitet og emballasje, pluss rekordtørke pressar EUs matindustri og bønder. Energiprisane er no så høge at enkelte selskap vurderer å stenge fabrikkar. I ein felles uttale ber dei EU gripe inn med tiltak som får ned prisane for å hjelpe bønder og industri. Organisasjonane bak oppropet vil ha meir diversifisert energitilgang, få fart i berekraftig energi og styrke konkurransekrafta til selskapa. Organisasjonane bak uttalen vil også ha betre oversikt over medlemslanda sine gass-rasjoneringsplanar, for å sikre at dei prioriterer landbrukssektoren. Bak uttalen står bonde- og samvirkesamanslutninga Copa-Cogeca, Primary Food Processors og FoodDrinkEurope. Etter dette har EU foreslått m.a. tak på gassprisane, energisparing og refordeling av overskotet i energisektoren til sluttbrukar. EU-presidenten vil ha ei arbeidsgruppe med energipartnerar EU kan stole på, som Noreg.
 
Ingenting om landbruk i EU-presidentens tale
EUs «state of the union”-tale frå president Ursula von der Leyen var skuffande for bøndene i EU. Etter eit år med dårleg ver, høge kostnader og kraftig prisauke var det venta at matkrise ville vere eit tema i den årlege tala der EU-presidenten tek opp aktuelle saker og EUs planar for året som kjem. Von der Leyen nemnde ikkje matkrisa. Sjølv på direktespørsmål frå EU-parlamentarikarane tok ho berre opp gamle spørsmål om matsvinn og dyrevelferd, samt nye reglar GMO. Ho sa gjødseltilgang var viktig, og at deler av tiltakspakken for å motverke energikrisa kan brukast til gjødselindustrien og til tilgang på andre typar gjødsel (LRF/Politico/Parlamentet).
 
Australske bønder reagerer på EUs avskogingstiltak
EU-parlamentets forslag til avskogingstiltak mot importerte produkt får australske bønder til å reise bust. Dei meiner importkrava ikkje viser forståing for Australias unike miljø og også kan skape utfordringar i handelsforhandlingane mellom dei to partane. – Vi treng ikkje velmeinande folk på andre sidan av jordkloda til å fortelje oss korleis vi tek vare på vår unike natur. Vi vil alle ta vare på biologisk mangfald, men dette kan sjå veldig ulikt ut i ein australsk kontekst, skriv National Farmers Federation på twitter. EU-parlamentet vedtok denne veka ein tiltaksplan mot avskoging som tvingar selskap som sel produkt på EU-marknaden til å bevise at det ikkje kjem frå område som er avskoga eller miljømessig degradert tilbake til 2020. Parlamentet vil også inkludere gris, kylling, mais og gummi i regelverket, som allereie inkluderer produkt som soya, palmeolje, kjøt og kaffi. Reglane gjeld fyrst og fremst tredjeland, men også EU (og sannsynlegvis Noreg gjennom EØS-avtala). EU-bøndene og samvirka i Copa-Cogeca er uroa over ekstra byråkrati og kostnader. No skal Rådet, Parlamentet og Kommisjonen i EU forhandle om regelverket.
 
EU-parlamentet vil ha 45% fornybar energi
EU-parlamentet vedtok denne veka forslag til fornybardirektivet. Innan 2030 vil Parlamentet at 45% av energien skal kome frå fornybare kjelder. Men såkalla primær trebiomasse, som greiner og toppar kan berre brukast delvis for å oppnå målet. Delen bioenergi frå primære trebiomass kan ikkje overstige dagens bruk, og skal fasast ned mot 2030. Dette blir kraftig kritisert av EU-bøndene og samvirka i Copa-Cogeca. Det var også ein diskusjon om bioenergi skal brukast til mat eller energi, men her var Copa-Cogeca meir nøgd med resultatet (Politico/LRF).
 
EU-bøndene nøgde med skogstrategi
EU-bøndene og skogeigarane er nøgde med EU-parlamentet sine endringar i Kommisjonen sin skogstrategi for 2030. Parlamentet har teke til følgje fleire bekymringar frå bønder og skogeigarar i sitt vedtak, ifølgje pressemeldinga frå bonde/samvirkeorganisasjonen Copa-Cogeca og skogeiarane sin organisasjon Cepf. Ifølgje organisasjonane vurderer Parlamentet skogen utifrå både sosiale, økonomiske og miljømessige omsyn, og at ulike skogtypar og omgjevnader krev ulik handsaming. Og at skogeigarane må få fleksibilitet i handsaminga av skogen.

EU-rapportar om ernæringsmerking og opprinning publisert
EUs Joint Research Centre (JRC) har publisert ein rapport om matinformasjon til forbrukar. Studien viser at forbrukaren set pris på ernæringsinformasjon på forsida av pakken og at det har effekt på å hindre diett-relaterte sjukdomar. Merkinga kan også gi industrien insentiv til å betre produkta, meiner JRC. Dei vil ha enkle og fargesterk merking. I ein annan ny rapport frå JRC om opprinningsmerking konkluderer JRC at merking av land og region har stor effekt på kva forbrukaren vel. Det kan hjelpe kundar som vil støtte lokale produkt og velje miljøvenlege høgkvalitetsprodukt. Rapportane vil bli tekne med i vurderinga når EU skal kome med forslag til å gjere denne typen merking obligatorisk eller ikkje. Sjå rapportane her
 
Ukraina-eksport ikkje nok for å stabilisere kornmarknad
Den forsiktige opninga av eksport av kveite og mais frå Svartehavet hjelper, men er ikkje nok for å hindre problem med kornlager eller sikre bøndene inn i neste års utplanting. Eksporten er no oppe i rundt 3 millionar tonn per månad. Men ifølgje International Grains Council treng Ukraina å eksportere så mykje som 7 millionar tonn i månade for å frigjere nok plass til årets avlingar. Eksporten frå Ukraina må doblast frå no til mars mars for å i gi bøndene nok inntekt for å dekke kostnader ved å plante ut for neste sesong. Verdsprisane på  kveite om mais har gått ned med respektive 15 og 11 % i juli, men i august er fallet allereie byrja å sakke, ifølgje  Agricultural Market Information System (AMIS)
 
Spansk minister foreslår kontroll av matprisar
Den spanske arbeidsministeren Yolanda Diaz vil ha pristak på 20-30 matvarer. Ministeren vil diskutere forslaget med matdistributørar og konsumentorganisasjonar. Diaz ynskjer ikkje prisintervensjon, men vil finne andre måtar å redusere prisane på. Spania har hatt ein inflasjon på over 10% i august, og prisen på enkelte matvarer har gått opp med 800 %, ifølgje Euractiv. Frankrike har foreslått liknande tiltak. Landbruksministeren i Spania er derimot kritisk til forslaget.
 
Svenske bønder får 9 øre av matkrona
Det svenske bondelaget (LRF) har rekna på kor stor del av matvareprisen i butikk bonden sit igjen med. Konklusjonen er at berre 9 øre av kvar krone, eller 9% av prisen går til bonden. I rapporten Matkronan 2021 viser at handelen får 34% og industrien 26%. Det er også interessant at bonden får meir av krona når det er berre svenske råvarer i sluttproduktet. Då går delen til bonden opp til 19%. I snitt har bonden fått 9% av matkrona sidan 2015. For 25 år sidan fekk bonden dobbelt så mykje.
  
Størst fall i sal av matvarer i Danmark
Danske forbrukarar sparer pengar på matvarer. Danmark er det landet i EU der sal av daglegvarer fell mest, ifølgje Landbrugsavisen. I juli fall salet i daglegvarebutikkar med 7,7  % målt volum. Det er over eitt prosentpoeng meir enn nummer to Luxemburg. Det fallande salet viser at dei danske forbrukarane ikkje berre sparer ved å velje billigare varer, men også ved å kjøpe mindre. Til dømes er sal av storfekjøt ned med 25% i løpet av sommarmånadene.
 
Nederlandsk landbruksminister går etter protestar
Den nederlandske landbruksministeren Henk Staghouwer valde å ta hatten sin og gå etter dei kraftige protestane frå bøndene denne sommaren. Bøndene tok til gatene i protest mot krav om kutt på opp mot 70 % av nitrogenutsleppa frå næringa. Ein reknar med at over 11 000 gardar må legge ned som følgje av auka krav. Tidlegare landbruksminister Carola Schouten går no tilbake til landbruksministerposten, ifølgje AgraFacts.
 
Lastebilsjåførar protesterer i Ukraina og Polen 
Frustrerte lastebilsjåførar på begge sider av grensa blokkerte vegen mellom Polen og Ukraina i protest mot strenge kontrollar av dyr og plantar på grensa mellom dei to landa. Dei er leie av å stå i kø ved grensa og krev døgnopne kontrollpostar og at tomme lastebilar kan gå forbi køen på veg tilbake til Polen. I dag må lastebilar stå i kø i opptil 54 kilometer for å kome seg over grensa, ifølge Euractiv. 
 
G7-ministrar ber om WTO-reform
Handelsministrane for G7-landa vil ha reform av Verdas Handelsorganisasjon (WTO), inkludert ein fullt fungerande tvisteløysingsdomstol innan 2024. Dette framgjekk i ein felles uttale frå møtet dei hadde denne veka i Tyskland. Ankefunksjonen i WTO har vore ute av funksjon i mange år fordi USA nektar å oppnemne nye dommarar. WTO må reflektere våre delte verdiar som openheit, rettferdig konkurranse og lovoppfølgjing, uttalte G7-landa Canada, Frankrike, Tyskland, Italia, Japan, Storbritannia og USA. EU deltok også på møtet, ifølgje Washington Trade Daily.
 
Rekordmange skogbrannar i Brasil
Skogbrannane i Amazonas har nått eit rekordnivå. Berre i august var det meir enn 33 000 brannar i regnskogen. Ikkje sidan 2010 har det vore så mange utbrot. Hittil i år har det vore 46 000 skogbrannar i Amazonas. WWF meiner situasjonen no er ute av kontroll, ifølgje Landbrugsavisen. Ifølgje WWF er skogbrannane knytt til den massive skogryddinga med maskiner og eld for å utnytte område for storfe og anna landbruk. Skogryddinga aukar stadig, og i april gjekk skogryddinga opp 75% samanlikna med april i fjor, ifølge WWF.
 

 

Facebook
Twitter
Instagram
Website
Copyright © 2022 Norges Bondelag

Legg oss til i dine kontakter

Din registrerte -epostadresse hos oss er <<E-postadresse>>
Endre hvordan du mottar våre nyhetsbrev  | Meld deg av vårt nyhetsbrev 

Email Marketing Powered by Mailchimp