Copy
Til  <<Fornavn>> <<Etternavn>>

Internasjonalt landbruksnytt nr. 19 - 2021

Denne gongen kan du m.a. lese om EU-komite som vi ha strengare transportreglar for dyr, nye landbruksmininstrar i Tyskland og Sverige (ein av dei vegetarianar) og ulv i Danmark.

Tidlegare utgåver av internasjonalt landbruksnytt kan lesast her.
 
God lesnad!

Helsing Hildegunn Gjengedal,
seniorrådgjevar Norges Bondelag

EU-komité vil stramme inn dyretransportsreglar
Ein spesialkomite i EU-parlamentet har no kome med sine tilrådingar om reglane for transport av dyr. Dei meiner dagens reglar ikkje blir følgde og at reglane ikkje tek nok omsyn til dyra. Dyr som ikkje skulle ha vore flytta på blir flytta, ueigna køyretøy blir brukte, køyretider overskridne, ekstreme temperaturar, for lite rom, vatn og fôr, er tilhøve komitéen peikar på. Komitéen ynskjer overvakingskamera for på- og avlasting, unngå transport utanom 5 og 30 grader, kontroll av fukt, temperatur og ammonium. Dei vil ha reglar for transporttider for alle dyreslag og aldrar, og forby transport av dyr som er under 35 dagar. Dyr over 35 dagar som ikkje er avvende kan transporterast i maks to timar, meiner komitéen. Dei ynskjer at Kommisjonen i 2023 kjem med ein strategi for å bruke meir transport av embryo, sæd og kjøt i staden for levande dyr. Saka skal handsamast i plenum i Parlamentet i januar. Copa-Cogeca (EU-bønder og samvirke) er skuffa over rapporten og meiner den er meir basert på kjensler enn vitskap. Dei meiner det er umogleg å erstatte eksport av levande dyr med eksport av sæd og embryo, då dette er heilt ulike marknader (AgraFacts).
 
CAP røysta gjennom EU-parlamentet
EUs felles landbrukspolitikk, CAP, er no eit steg nærare fullføring etter at Parlamentet stemte igjennom forslaget. Det har vore ein lang prosess sidan den førre EU-kommisjonen kom med sitt forslag til ny politikk i 2018. Landbrukspolitikken blir revidert med jamne mellomrom, og denne skulle gjelde frå 2021 til 2027. No blir den ikkje gjeldande før i 2023. I sommar vart Parlamentet, Kommisjonen og Rådet (medlemslanda) i prinsippet samde om omfordelingskrav og auka klimatiltak, derimellom innføring av såkalla ecoschemes, eller miljøstøtte. Dette skal finansierast av 25% av budsjettet i den såkalla fyrste pilaren i CAP (direktestøtte). Den nye felles landbrukspolitikken omfattar 270 mrd euro, noko som tilsvarer ein tredjedel av EU-budsjettet. Rådet har også formelt godkjent planen. No skal medlemslanda sende inn sine planar for gjennomføring av politikken innan utgangen av året (LRF Brysselnytt/AgraFacts/Politico).
 
EUs plan for karbon-innbinding lekka
Ein venta i spenning på EUs forslag til CO2-binding 14.desember. No har eit utkast blitt lekka. Der framgår det at Kommisjonen vil lansere eit regelverk for sertifisering av CO2-utslepp i 2022. Dei har auka ambisjonar for å stimulere jord- og skogbruket til å binde inn meir CO2. Kommisjonen vil ifølgje lekkasjen legge opp til ein forretningsmodell utanfor den felles landbrukspolitikken (CAP) der jord- og skogbruket kan lagre inn CO2 ved hjelp av offentlege og private midlar (LRF Brysselnytt/AgraFacts).
 
EU-kommisjonen vil utgreie effektar av toll på gjødsel
Høge prisar på gjødsel i EU skuldast i hovudsak høgt prisnivå generelt i verda. Men i tillegg har EU tidlegare lagt ein anti-dumping toll på gjødselstoffet UAN som også gir høgare prisar. Dette har vore for å verne om EUs eigen produksjon av stoffet UAN, men det har samtidig gitt auka prisar i EU, noko bøndene gjennom sin organisasjon Copa-Cogeca har reagert på i lenger tid. No vil Kommisjonen undersøke effekten av denne anti-dumping-tollen, noko Copa-Cogeca er tilfreds med (AgraFacts/LRF Brysselnytt).
 
EU-topp: - Genmodifisering del av berekraftig matproduksjon
EU-kommisjonens visepresident Frans Timmermans meiner genmodifisering er ein klar del av utviklinga mot ein meir berekraftig matproduksjon. Timmermans har spesielt ansvar for EUs grøne give (Green Deal). Det kom fram på ein konferanse om moderne bioteknologi i landbruket. Han hevdar førebels arbeid har vist at genmodifiserte plantar har potensialet til å bidra til meir robust og berekraftig matproduksjon, eksempelvis gjennom å vere meir motstandsdyktige mot sjukdom og tørke. Han seier genmodifisering vil vere del av EUs jord-til-bord-strategi. Også helsekommissær Stella Kyriakides meiner EU har plikt til å legge forholda til rette for å utvikle berekraftige produkt. EU er no i ferd med å gjennomgå GMO-regelverket og uttalen til Timmermans har vekt sterke reaksjonar. Organisasjonar som er kritiske til GMO meiner Kommisjonen allereie har bestemt seg for kva dei skal meine om dei nye teknologiane. Kyriakides nektar for dette. – Kommisjonen har ikkje bestemt seg for å deregulere genmodifiserte plantar, seier Kyriakides (Euractiv/AgraFacts).
 
Vegetarianar ny tysk landbruksminister
Tysklands nye landbruksminister Cem Özdemir kjem frå Dei Grøne og er vegetarianar. Han har ingen erfaring med landbruk bortsett frå at faren som var tyrkisk immigrant kom frå gard. Likevel blir han godt motteken av bondelaget DBV. Det skuldast m.a. at han kjem frå den pragmatiske fløyen av Dei Grøne, og at han har ei sentral rolle i partiet. Men partiet planlegg store omleggingar i landbruket, som høgare mål for omlegging til økologisk, redusere drastisk bruk av plantevernmiddel og innføre dyrevelferdsmerking. Men Özdemir har ikkje tenkt å starte ein kampanje mot kjøt. Den nye koalisjonen består av Dei Grøne, Sosialdemokratane og dei liberale Fridemokratane (Politico).
 
Endeleg - ny svensk landbruksminister
Svenske bønder er godt nøgde med at dei endeleg har fått tilbake ein eigen landsbygdminister i den nye sosialdemokratiske regjeringa. Dei er også godt nøgde med at regjeringa har lagt fleire viktige vekst- og næringsspørsmål til ministerposten. Det skal bli lettare å bygge på bygda, eigedomsretten i skogen og landsbygdsprogrammet skal styrkast. – Endeleg. Nokre av dei viktigaste framtidsspørsmål er samla hjå Anna-Caren Sätterbergs portefølje, Det handlar om berekraft, klima, skog og jobb, seier bondelagsleiar Palle Borgström i LRF. Han ber ministeren prioritere viktige EU-spørsmål, innfri krav om krisepakke for å dekke auka kostnader (4,1 mrd svenske kroner i året) og auka svensk matproduksjon. Sätterberg er frå Åre i Jämtland. Ho har jobba i turistnæringa, vore aktiv kommunepolitikar og medlem i næringskomiteen i Riksdagen, ifølgje SVT.
 
Svenske bønder ser mørkt på framtida
Svenske bønder er pessimistiske om framtida. Det viser ei ny undersøking. - Det er ein historisk nedgang i fjerde kvartal, seier generalsekretæren for det svenske bondelaget LRF, Anna Karin Hatt. Kostnader for elektrisitet, gjødsel og diesel er del av forklaringa, ifølgje svenske ATL. For eitt år sidan var etterspurnaden etter svenske varer stor og svenske bønder var optimistiske. Trass framleis høg etterspurnad etter svenske råvarer er optimismen snudd.
 
Ulvepar etablert seg på Jylland
Det ser ut til at eit ulvepar har etablert seg på Sørvest-Jylland og ventar ungar på våren, ifølgje danske Landbrugsavisen. Sidan september har ein sett fleire spor på to ulvar som følgjer kvarandre, og ein meiner hoa no er drektig. Ho-ulven er danskfødd og har levd åleine i området sidan januar, men skal no ha tiltrukke seg ein hanne. Det vurderer forskarar frå Naturhistorisk Museum Aarhus og Aarhus Universitet.
 
WTO-møte utsett grunna Omnikron
Mininstermøtet i Verdas Handelsorganisasjon (WTO) vart som mange sikkert har fått med seg utsett grunna utbrotet av Omikron-varianten av Covid19. Mange delegatar kunne ikkje kome til sveitsiske Genève for å delta i møtet i WTOs øvste organ som var planlagt 30.november til 3.desember. Det er no uklart når møtet blir halde. Både byrjinga av mars, juni og juli har blitt nemnt som aktuelle tidspunkt. På landbruksområdet var det ikkje venta store avgjerder, men frå norsk side var det knytt særleg stor spenning til kva det ville stå i eit eventuelt arbeidsprogram om støtte til jordbruket. På andre forhandlingsområde var det knytt spesiell spenning til reglar for fiskerisubsidiar og unntak for patentreglar på koronavaksiner.
 
FN tilrår tiltak for meir robuste matsystem
FN tilrår grep for å gjere matsystema meir motstandsdyktige, effektive, berekraftige og inkluderande. Dette kjem fram i årets statusrapport frå FNs matorgan, FAO. Temaet for årets såkalla SOFA-rapport er korleis matsystema kan bli meir motstandsdyktige mot sjokk og stress. Rapporten viser korleis korona-epidemien har avdekka kor sårbare dei globale matsystema er for sjokk og påkjenningar. FAO estimerer at rundt 3 mrd menneske ikkje får dekt sitt behov for eit sunt kosthald. Rapporten viser også situasjonen i kvart enkelt land (regjeringa.no/FAO).

Facebook
Twitter
Instagram
Website
Copyright © 2021 Norges Bondelag

Legg oss til i dine kontakter

Din registrerte -epostadresse hos oss er <<E-postadresse>>
Endre hvordan du mottar våre nyhetsbrev  | Meld deg av vårt nyhetsbrev 

Email Marketing Powered by Mailchimp