Copy
Til  <<Fornavn>> <<Etternavn>>

Internasjonalt landbruksnytt nr. 14 - 2021

I denne noko kortare utgåva prega av europeisk feriemodus kan du m.a. lese om ny opning for bruk av dyreprotein i fôr, testdyrking av Crispr-kveite i Storbritannia og USA som tek tak mot matmakta.

Tidlegare utgåver av internasjonalt landbruksnytt kan lesast her.
 
Helsing Hildegunn Gjengedal,
seniorrådgjevar Norges Bondelag

EU-kommisjonen vil tillate dyreprotein i fôr
EU-kommisjonen vedtok 17.august at dei vil tillate visse dyreprotein for bruk i fôr for ikkje-drøvtyggarar, som gris og fjørfé. Høgkvalitetsprotein frå svin, kylling og insekt henta frå lokale kjelder og produsert i EU vil bli tillate for å møte ernæringsbehov hjå spesifikke kategoriar gris og fjørfe, heiter det frå Kommisjonen. Foredla dyreprotein frå gris og insekt vil bli tillate brukt i fjørfefôr, og protein frå fjørfe- og insekt i grisefôr. Gelatin og kollagen frå drøvtyggarar blir også tillate i fôr til ikkje-drøvtyggarar. Grunngjevinga for forbodet er no borte sidan kugalskapen (BSE) er under kontroll, konkluderer Kommisjonen, ifølgje AgraFacts. Siste tilfelle var i 2016. Meir om reguleringa her

Storbritannia tillet fyrste forsøk med Crispr-kveite i Europa
Britiske Rothamstad Research har fått løyve frå det britiske landbruksdepartementet til å etablere forsøksfelt med kveite genmodifisert ved hjelp av Crispr-teknologi. Dette er fyrste gong ein testar ut Crispr-kveite i Europa. Kveita er konstruert for å ha reduserte nivå av naturleg aminosyre, aspargin, som blir til akrylamid når brødet blir bakt eller rista.  Akrylamid blir rekna som kreftframkallande, og vart oppdaga i mat i 2002. Prosjektleiar Nigel Halford meiner teknologien kan redusere aspargin-nivået utan å redusere kvaliteten. Prosjektet skal gå fram mot 2026, ifølgje AgraFacts. Kampanjegruppa mot GMO kalla GM Freeze er svært kritiske til løyvet, ifølgje Euractiv. Dei meiner den britiske regjeringa no brukar frykten for brent brød som eit påskot for å plante eksperimentell GMO-kveite i det opne trass store protestar og uttale frå britiske kreftforskarar om at brent mat ikkje utgjer ein kreftrisiko. Storbritannia har hatt høyring på bruk av GMO etter at dei no er ute av EU.
 
Lovar 95% tysk svinekjøt i tysk matkjede
Den tyske daglegvarekjeda Rewe Group annonserte 23.august at innan sommaren 2022 skal alt ferskt svinekjøt i Rewe og Penny supermarknader kome frå varer som er fødde, oppala, slakta og foredla i Tyskland. Grunngjevinga er å støtte den nasjonale landbrukssektoren. Dei lovar bøndene å betale prisar lik dei som vart utbetalt før utbrotet av afrikansk svinepest som førte til marknadskollaps. Prisane skal auke frå september. Innkjøpssjef Hans-Jürg Moog i Rewe-gruppa seier dei vil halde fram med si langsiktige berekraftige støtte til det tyske landbruket. Bøndene meiner dette var nødvendig og oppmodar andre daglegvarekjeder til å gjere det same, ifølgje AgraFacts.
 
Ny europeisk daglegvareallianse
Ein ny allianse av daglegvarekjeder er danna. Alliansen heiter Epic partners og har medlemmer frå Tyskland, Sverige (ICA), Portugal, Nederland, Russland og Sveits. Den nye alliansen vil forhandle kontraktar for komplementære internasjonale tenester og marknadsføringsaktivitetar med dei største internasjonale merkevareproduksentane. Fokuset skal vere på pakka og foredla produkt. Det blir understreka at frukt, grønt og råvarer ikkje er del av aktiviteten, og at alliansen ikkje vil forhandle med små og mellomstore leverandørar eller bønder, ifølgje AgraFacts/EuroCommerce.
 
«All time high» internasjonale prisar
Internasjonale landbruksråvareprisar ligg no på «all time high». Ifølgje det svenske bondelaget LRFs prisindeks for verdsmarknaden ligg no prisane på både vegetabilske og animalske produkt no høgare enn ekstremåra 2008 og 2011. Det same gjeld fôrprisane, sjølv om dei har falle noko i løpet av sommaren. Prisauken på diesel og gjødsel går framleis oppover, men prisane ligg framleis under 2008-nivå, ifølgje LRFs internationella perspektiv
 
Barnier fransk presidentkandidat
Den tidlegare franske landbruksministeren og sjefsforhandlar for Brexit, Michel Barnier, vil stille som presidentkandidat i Frankrike i 2022. Barnier har også vore EU-kommissær for den indre marknaden. Han er medlem av høgrepartiet Les Républicains (AgraFacts).
 
USA tek grep mot matmakta
Det amerikanske landbruksdepartementet (USDA) har kome med nye retningslinjer for korleis dei skal handheve den 100 år gamle Packers and Stockyards-lova. Dette blir gjort for å følgje opp president Bidens instruksjon om å setje i verk tiltak for å betre konkurransen i kjøtsektoren og styrke bondens posisjon. USDA forpliktar seg til å forsvare bøndene så godt som mogleg og bruke lova når bøndene blir diskriminert på bakgrunn av farge, nasjon, kjønn, region, alder osb og når dei blir straffa for å vere del av ein organisasjon eller å uttale seg i media eller styresmaktene. Til dømes vil dei bruke lova når eit fjørfeselskap truar med å seie opp kontrakta viss dei ikkje oppgraderer fjøset, eller manglande oppfølgjing av kontraktar for storfeprodusentar. National Farmers Union er svært glade både for presidentdekretet tidlegare i sommar og retningslinjene frå USDA. Dei meiner dette er skjelsettande i arbeidet for meir rettferdige og konkurransekraftige marknader. Dette har vore ei hjartesak frå organisasjonen frå starten, og dei har vore svært kritiske til ei slapp handheving av lova. 4 selskap kontrollerer det meste av såfrøa i verda og maisprisar har gått opp med 30% årleg. Fire store kjøtforedlingsselskap dominerer 80% av USAs storfemarknad og prisdelen til bonden har gått ned frå 51,5% til 37,3% dei siste 5 åra, samtidig som pris i marknaden har gått opp. Du kan lese meir hjå USDA og Det kvite hus (NFU/USDA/Det kvite hus/AgraFacts/Civil Eats).

Facebook
Twitter
Instagram
Website
Copyright © 2021 Norges Bondelag

Legg oss til i dine kontakter

Din registrerte -epostadresse hos oss er <<E-postadresse>>
Endre hvordan du mottar våre nyhetsbrev  | Meld deg av vårt nyhetsbrev 

Email Marketing Powered by Mailchimp