Copy
Til  <<Fornavn>> <<Etternavn>>

Internasjonalt landbruksnytt nr. 11 - 2021

Denne gongen kan du lese om EU og USA som grev ned stidsøksene om flystøtte, WTO som håpar på fast fisk i juli, EU-parlamentet som vil ha burhønsforbod, meir biologisk mangfald og mindre glyfosat-bruk. Og britiske bønder som er skuffa over Australia-avtale, samt Sveriges statsminister som er i trøbbel.

Tidlegare utgåver av internasjonalt landbruksnytt kan lesast her.
 
God lesnad!
Helsing Hildegunn Gjengedal, seniorrådgjevar i Norges Bondelag

EU og USA sluttar fred om flysubsidiar
EU og USA er samde om å gravlegge stridsøksene om støtte til flyprodusentar. I nesten 17 år har dei gjensidig skulda kvarandre for å bryte subsidiereglar i si støtte til Boeing (USA) og Airbus (EU). Striden har vore oppe i Verdas Handelsorganisasjon (WTO) og toll er innført til ein verdi av 11,5 milliardar dollar. No er partane samde om å stoppe tollen i fem år. Dei har oppretta ei eiga arbeidsgruppe for store flyprodusentar som mellom anna skal sjå på finansiering av selskapa på marknadsvilkår. EUs handelskommissær Valdis Dombrovskis seier avtala viser at forholdet til USA er på betringens veg (EU trade news).

WTO håpar på fast fisk i juli
Kutt i skadelege fiskerisubsidiar står øvst på dagsordenen for Verdas Handelsorganisasjon (WTO). 15.juli skal medlemslanda møtast. Då håpar dei å få til ei avtale. Men avstanden er framleis stor, så det er slett ikkje sikkert dei lukkast. På landbruksområdet er det diskusjonar om internstøtte som er kome lengst (altså støtte som m.a. inkluderer norske målprisar). Men motstanden frå sentrale land som Kina, USA og EU er framleis stor, så det er lite truleg at ein blir samde på ministermøtet i slutten av november.

EU-parlamentet vil ha forbod mot burhøns
EU-parlamentet ber Kommisjonen kome med forslag til forbod mot burhøns, sannsynlegvis i 2027. Dei vil også ha betre velferd for kaniner i fangenskap og forbod mot tvangsforing av and og gås for å produsere lever. 558 stemte for forslaget, 37 imot og 85 avsto frå å stemme. Saka kom frå eit borgarinitiativ. Nokre EU-land har allereie gått lenger enn minimumskrava. EU-parlamentet sa dette gjorde det meir nødvendig å innføre felles reglar for å ha like konkurransevilkår i heile EU. Gåseleverforeininga i EU er sjokkert over vedtaket som dei meiner har foregått heilt utan debatt, ifølgje AgraFacts.

Miljøministrane i EU vil ha klimatilpassing-strategi
EUs miljøvernministrar støttar Kommisjonen sin strategi for klimatilpassing. I strategien blir det lagt til rette for å støtte bønder og landeigarar for å tilpasse seg klimarisikoen. Ministrane ber Kommisjonen utvikle eit rammeverk som oppmodar til forsikringar mot klimarelatert risiko. Ministrane vil også støtte internasjonale initiativ fram mot klimatoppmøtet COP26 i haust (AgraFacts).

EU framleis ikkje samde om ny felles landbrukspolitikk
EU jobbar hardt for å bli samde om ny felles landbrukspolitikk (CAP) før juni er omme. Den portugisiske landbruksministeren som er leiar for landbruksrådet fram til 1.juli seier det framleis er nokre punkt dei er usamde om. Det er mellom anna kor stor del av støtta som skal vere sett av til miljøtiltak i såkalla ecoschemes. Det kan ligge an til eit kompromiss på 25%. Det er også strid om omfordeling av landbruksstøtta til små og mellomstore bruk. Landbrukskommissæren sa også at målsettingane under farm to fork og biodiversitetsstrategien ikkje er lovleg bindande, men rådgjevande for CAP (der ligg mellom anna målsettingar om redusert bruk av plantevernmiddel og kundstgjødsel). Det blir no intense forhandlingar fram mot 1.juli med landbruksministermøte 28.-29.juni som ein viktig milepæl (AgraFacts).

EU-parlamentet vil ha meir biologisk mangfald og slutt på glyfosat
EU-parlamentet vil ha ei «Paris-avtale» for biodiversitet og EU-biodiversitetslov på same måten som ein har ei EU-klimalov. Dette skal sikre vern om økosystema innan 2050. Dei vil også gå imot fornying av glyfosat-godkjenninga som utgår 31.desember 2022. Parlamentet har vedteke ei plan for å verne minst 30% av hav- og landarealet i EU innan 2030. Dei ynskjer også lovgjeving for å beskytte og bruke jorda berekraftig (AgraFacts). Ein ny glyfosat-rapport konkluderer med at glyfosaten som blir brukt i EU oppfyller krava knytt til humanhelse. Les rapporten her

Britiske bønder skuffa over Australia-Storbritannia-avtale
Britiske bønder er svært skuffa over den nye avtala som er inngått mellom Storbritannia og Australia. Avtala innber m.a ei kvote på 35 000 tonn storfekjøt inn til Storbritannia som skal aukast opp til 110 000 tonn i løpet av ti år. Det blir inga kvoteordning etter det. Det same gjeld for sau. Der vil kvota gradvis aukast frå 25 000 til 75 000 tonn i løpet av 10 år og så fjernast. Etter det vil storfe- og sau berre ha sikkerheitsmekanismar i fem år. 220 000 tonn sukkar skal fasast inn over 8 år. Toll på meieriprodukt skal eliminerast i løpet av 5 år, med ein gradvis auke i kvotar frå 25 000 tonn til 75 000 tonn. – Vi har vore klare på vår bekymring for konsekvensane av ei handelsavtale som fullstendig tek bort toll frå verdas største landbrukseksportør, seier Minette Batters. Ho er bekymra over miljø- og dyrevelferdskonsekvensar av avtala sidan Australia har gjennomgåande lågare standardar. Lovtekstane blir no gjennomgått før endeleg godkjenning (National Farmers Union). Australske bønder er godt nøgde med avtala. Dei har ambisjonar om å auke omsetninga til 63 mrd euro innan 2030, ifølgje AgraFacts.

EU-bøndene og parlamentarikarar kjemper for kjøt-reklame
EU-bøndene og fleire EU-parlamentarikarar tok EUs kjøt-reklame i forsvar på eit større arrangement i Brussel sist veke. Kommisjonen vurderer å flytte støtte til marknadsføring bort frå kjøt. Den finske parlamentarikaren Elsi Katainen som organiserte møtet meiner ein ikkje må gløyme hovudhensikta med den EU-finansierte reklamen, nemleg å støtte konkurransekrafta og eksporten til EUs matprodukt. Danske bønder påpeika kor viktig reklamen var i konkurransen med Brasil, USA og Canada, og EUs kyllingbønder og kjøtindustrien peika på at dei kan produsere med høgare standardar, og at ein heller bør fokusere på produksjonsmetodar. Den irske professoren Alice Stanton peika på at det kunne vere skadeleg for å fjerne raudt kjøt og meieriprodukt frå menyen.

Verdshandelen med mat aukar – matprisar opp 40%
Handelen med mat har auka under koronakrisa og veksten vil halde fram, ifølgje FNs mat- og landbruksorgan FAO. Samtidig aukar importrekningane. Prisane er høge og usikkerheita rundt tilgang og etterspurnad er stor. Kveitetilgangen er t.d. venta å vekse pga overskotslager og venta gode avlingar i 2021. Samtidig ventar ein at etterspurnaden vil auke. Ein ventar at kveiteavlingane vil auke med 1,4% med EU, Marokko og Storbritannia som område med stor auke. Samtidig har matvareprisane auka med nesten 40% frå mai i 2020. Vegetabile oljar, sukker og korn aukar mest, men også kjøt og mjølk ifølgje FAO (AgraFacts).
 
G7-landa samde om miljø- og klimatiltak
G7-landa (Storbritannia, Canada, Frankrike, Tyskland, Italia og USA) vart 13.juni samde om å auke innsatsen for miljø og klima. Leiarane vart samde om å stoppe tapet av biodiversitet innan 2030, og verne om 30% av dei globale land- og havområde innan slutten av tiåret. Kamp mot avskoging, marin forsøpling og ulovleg handel med vilt låg også inne i «G7 Nature Compact»-erklæringa. Halvering av klimautsleppa innan 2030 (sml med 1990-nivå) ligg også inne. Møtet fann stad i Cornwell i Storbritannia. Mange var irritert over verten Boris Johnson som truar med å oppheve langfredags-avtala mellom Irland og Nord-irland på grunn av strid rundt stopp i eksport av kjølte kjøtprodukt frå Storbritannia til EU frå 1.juli, ifølgje AgrFacts.
 
Strengare reglar mot kyllingindustrien i USA
Etter mange klager om prisfiksing og andre konkurransehemmande praksisar vil no USA foreslå reglar som skal styrke familielandbruket og kontraktsprodusentane i møte med industrien. Reglane vil endre den såkalla Packers and Stockyards Act frå 1921 som skal sikre rettferdig konkurranse og prisar og betre handelsskikk. Til dømes er det forbode for selskap å gi urettmessige fordelar til ein bonde framfor ein annan, men det er uklart kva som ligg i dette. Bøndene må også bevise skaden som er gjort til heile

På tampen tek vi også med at Sveriges statsminister Stefan Löfven (Sosialdemokratane) har fått mistillitsvedtak imot seg. 181 Riksdagsmedlemmer stemte for mistillit, 109 imot. Det var ytre høgrepartiet Sverigedemokratane som fremja mistillitsforslaget. Venstrepartiet (SVs systerparti), Moderatane (tilsvarande Høgre) og Kristelegdemokratane støtta mistillitsforslaget. Sosialdemokratane og Miljøpartiet stemte imot og Liberalarane og Centern stemte blankt. No har Löfven ei veke til å bestemme seg for kva han vil gjere. Veljer han ekstraordinært val må det haldast innan tre månader. Sverige har uansett val neste år. Han kan også velje å gå av (ATL).

Facebook
Twitter
Instagram
Website
Copyright © 2021 Norges Bondelag

Legg oss til i dine kontakter

Din registrerte -epostadresse hos oss er <<E-postadresse>>
Endre hvordan du mottar våre nyhetsbrev  | Meld deg av vårt nyhetsbrev 

Email Marketing Powered by Mailchimp