Copy
Til  <<Fornavn>> <<Etternavn>>

Internasjonalt landbruksnytt nr. 17 - 2021

Denne gongen kan du m.a. lese om EU-parlamentet som støttar Farm to fork-strategien og vil ha bindande metan-krav, handelsavtale med New Zealand som gjer britiske bønder fortvila og dansk minister som er i hardt vér om forsvunne sms-ar om mink. 100 land som vil stoppe avskoging og redusere metan, og Australia som skal fjerne klimautslepp utan avgifter og reguleringar, kan du også lese om.

Tidlegare utgåver av internasjonalt landbruksnytt kan lesast her.
 
God lesnad!

Helsing Hildegunn Gjengedal,
seniorrådgjevar Norges Bondelag

EU-parlamentet støttar Farm to fork
Sist veke ga EU-parlamentet i hovudsak si støtte til Kommisjonen sin Farm to fork-, eller jord til bord-strategi for eit meir berekraftig matsystem. Strategien er del av EUs Grøne Giv (Green Deal) der EU tek mål av seg til å bli verdas fyrste klimanøytrale kontinent og samtidig meir konkurransedyktig. I strategien frå våren 2020 ligg det mellom anna inne 50% reduksjon av antibiotikasal til produksjonsdyr, redusert gjødselbruk med 20%, og kjemiske plantevernmiddel med 50%, ein  gjennomgang av dyrevernregelverket, og 25% auke i økologisk produksjon. Parlamentet gjekk ikkje i detalj, men ga si generelle støtte til måla i strategien. Parlamentet var samtidig kritiske til manglande konsekvensutgreiing. Bondeorganisasjonane meiner Kommisjonen prøvde gøymde unna ei utgreiing som viste fare for lågare produksjon, høgare prisar og karbonlekkasje (utflytting av produksjonen). Bøndene vil ha ein klarare plan og betre verktøy til å gjennomføre strategien. Den svært omfattande strategien skal munne ut i konkrete lovforslag (AgraFacts/Kommisjonen/Parlamentet).
 
EU-parlamentet vil ha bindande metan-krav
EU-parlamentet ber Kommisjonen kome med bindande krav til reduksjon av metanutslepp for alle sektorar. Parlamentet vil ha nye tiltak på medlemstatsnivå som minimerer utsleppa på landbrukssektoren, samtidig som dei vil sikre at produksjonen ikkje forsvinn ut av unionen. Importerte produkt må møte EU-standardane. Dei vil også fase ut alle fossile drivstoff frå EU så fort som råd. 80% av olje- og gass i EU er importert, importen skal følgje EU-reglar, meiner Parlamentet. Parlamentet vil også ha ei bindande metan-avtale på klimatoppmøtet i Glasgow. Landbruket står for 53% av metanutsleppa i EU. EU-bøndene og samvirka i Copa-Cogeca er glad Parlamentet inkluderer alle sektorar og omsynet til økonomisk og sosial berekraft, men er kritiske til konkrete krav om binding og reduksjon av metan. Dei påpeikar at landbruket allereie har redusert utsleppa. Copa-Cogeca vil heller ha frivillige tiltak som er meir realistiske (AgraFacts). 
 
Handelsavtale Storbritannia og New Zealand
Storbritannia og New Zealand er samde om ei handelsavtale «i prinsippet» etter 16 månaders forhandlingar. Avtala vil føre til fjerning av all landbrukstoll, med ei gradvis utfasing av tollen på sensitive produkt som storfe, sauekjøt og smør og ost. Avtala inneber også ein tryggjingsmekanisme som skal verne bøndene mot brå auke i import. Dei britiske bøndene er svært misnøgde. – Saman med avtala med Australia vil denne avtala opne for store volum med ekstra import, seier leiar i NFU, Minette Batters, som er spesielt uroa for raudt kjøt, meieriprodukt og grøntsektoren (AgraFacts).
 
Dansk statsminister i hardt vér om mink-vedtak
Den danske regjeringa med statsminister Mette Fredriksen er i hardt vær rundt vedtaket om å slakte ned alle danske minkar i fjor haust. Tiltaket vart gjort etter korona-utbrot blant mink. Det vart seinare sådd tvil om det var juridisk grunnlag for vedtaket. Landbruksministeren måtte gå. Det vart oppretta ein eigen Mink-kommisjon, og dei har bedt om å få sms-ar statsministeren har skrive i samband med saka. No viser det seg at Fredriksen har sletta sms-ar i samband med saka. Fredriksen seier ho vart oppmoda om å sette på automatisk sletting etter 30 dagar. Fredriksen har lova å gi svar om sms-ande på ein pressekonferanse i kveld. Du kan følgje saka i danske Landbrugsavisen
 
Kan bli krav om dyrevelferd i svensk offentleg innkjøp
Den svenske regjeringa har no sendt på høyring eit forslag om krav til dyrevelferd, miljø, helse og sosiale og arbeidsrettsrettar i offentlege innkjøp. Til no har det berre vore tilråding om å ta omsyn til dette ved innkjøp. No kan det bli påbod. Med lovendringa kan stat, kommune og regionar stille krav om t.d. oppal, transport og slakt. Viss lovendringane går igjennom blir lova endra frå juli 2022 (ATL/Djurens Rätt).
 
Oppskrift på korleis svensk mjølk og kjøt skal nå klima-måla
Ein ny rapport frå matbransjen i Sverige viser korleis mjølk- og kjøtbransjen skal nå klimamåla frå Paris-avtala. Betre dyrehelse, betre og mindre import av fôr, meir effektiv produksjon, presisjonsjordbruk, innbinding av kol og fornybar energi på garden er mellom tiltaka. Les rapporten her
 
Verdsmarknadsprisar aukar stadig
Verdsmarknadsprisane for landbruksvarer og innsatsfaktorar held fram å vekse utover hausten. For vegetabiler, animalier og dyrefôr ligg prisane i dag høgare enn i ekstremåra 2008 og 2011, ifølgje LRFs verdsmarknadsprisindeks. Prisauken for diesel og gjødsel går også stadig oppover. Prisen på animalske produkt har gått opp med 18% samanlikna med september i fjor, vegetabilprisane med 30% i same periode. Sukker har gått opp 50%, vegetabilske oljar 58% og korn 24%. Kjøtprisane auka med 26% og meieriprisane med 11%. Stor import-etterspurnad og minska eksport frå EU påverka prisane på smør og skummamjølkpulver. Sterk etterspurnad og låg eksport påverkar prisar på lam og storfekjøt, medan svakare etterspurnad frå Kina har gjort at prisane på svinekjøt har gått ned. I Sverige har avrekningsprisane i september på mjølk, storfe og gris heldt seg høge, ifølgje Internationella Perspektiv
 
WTO-direktøren vil ha debatt om global karbontoll
Diskusjonen om ein karbontoll har gått lenge i EU, no også fremja i EUs klimapakke. Direktøren i WTO, Ngozi Okonjo-Iweala har no kasta seg inn i debatten. Ho meiner det må vere WTO, OECD og IMF (det internasjonale pengefondet) som er ansvarlege for å utarbeide ein slik toll. Ho meiner det er vanskeleg for selskapa i dag med fleire ulike system, og at det ofte blir sett på som skjult proteksjonisme, og at utviklingsland ofte er kritiske. Okonjo-Oweala meiner ein må ha meir dialog med utviklingsland i utforminga av karbontoll og at WTO kunne vere eit godt forum for desse dialogane, ifølgje Borderlex. Den amerikanske klimautsendinga, John Kerry skal vere skeptisk til karbontoll, ifølgje Inside US Trade, medan EU meiner eit EU-system kan kombinerast med eit globalt system.
 
100 land lovar å stoppe avskoging og redusere metan-utslepp
100 land som representerer over 85% av verdas skogar lovar å stoppe avskoginga innan 2030. Ifølgje Reuters er både Brasil og Indonesia på lista. Skogane tek opp 30% av CO2-utsleppa. I 2020 miste verda 258 000 km2 skog.19 mrd USD understøttar forslaget. 12 land har lova å gi 12 mrd USD for u-land. Samtidig følgjer 100 land initiativet frå USA og EU om å redusere metanutsleppa med 30% innan 2030 (frå 2020-nivå), ifølgje Reuters.
 
Australske bønder nøgde med nullutsleppsplan utan avgifter
Den australske regjeringa la nyleg fram sin ambisjon om å bli klimanøytral i 2050. Dette skal dei gjere i hovudsak ved bruk av teknologiske løysingar og utan å bruke avgifter eller regulering, eller redusere produksjonen av fossil energi. Prisen på lågutsleppsteknologi skal ned, desse teknologiane skal oppskalerast, regionale industriar skal hjelpast til å finne nye marknader og Australia vil jobbe globalt med å utvikle teknologiar som «avkarboniserer» verdsøkonomien. Australske bønder er godt nøgde med strategien. – Ved å unngå regulering og avgifter er regjeringsplanen på veg bort frå den feilslåtte Kyoto-tilnærminga der bøndene måtte betale rekninga utan å bli kompenserte, seier leiar i National Farmers` Federation, Fiona Simson. Les meir om planen her
 
Biden vil lette på stål- og aluminiumstoll
Biden-administrasjonen i USA har annonsert at dei vil lette på stål- og aluminiumstollen som Trump innførte. Tollen førte til mottiltak frå EU på amerikanske landbruksprodukt. Dermed lettar også EU straffetollen på 25% på ei rekke amerikanske landbruksprodukt, som ost, smør, svin og appelsinjuice. EU trua i juni med å doble tollen viss ein ikkje fekk til ei avtale. Amerikanske bønder er no letta, ifølgje Politico`s Weekly Agriculture. Eksportørane vil no at USA skal gå lenger og inngå avtaler også med Storbritannia og Kina.
 
Kina set industristøtte opp mot landbruksstøtte i WTO
Kina er open for å diskutere industristøtte i WTO, men berre viss ein samtidig diskuterer støtte til landbruket, ifølgje Inside US Trade. Særleg USA og EU har pressa på for å få WTO til å forhandle nye reglar som kan hindre Kina i å gi industristøtte, som dei meiner er handelsforstyrrande. Kina har tidlegare avvist dette blankt. Men under gjennomgangen av Kinas handelspolitikk i WTO sa Kina at dei no er opne for å diskutere industristøtte viss ein samtidig diskuterte reform av landbrukspolitikken. Dette er særleg retta inn mot USA, som har mykje landbruksstøtte og gjerne vil fjerne industristøtte i Kina. Det er no hektisk aktivitet i WTO fram mot ministermøtet i byrjinga av desember. Landbruksstøtta er mest i fokus, men det ser ut til at det ikkje blir drastiske endringar, heller vedtak av eit arbeidsprogram.
 

Facebook
Twitter
Instagram
Website
Copyright © 2021 Norges Bondelag

Legg oss til i dine kontakter

Din registrerte -epostadresse hos oss er <<E-postadresse>>
Endre hvordan du mottar våre nyhetsbrev  | Meld deg av vårt nyhetsbrev 

Email Marketing Powered by Mailchimp