Copy
Til  <<Fornavn>> <<Etternavn>>

Internasjonalt landbruksnytt nr. 20 - 2021

I dette siste nummeret for 2021 kan du m.a. lese om EUs plan for karbonopptak, dansk klimaråd som vil ha klima-avgift på mat og at skogen kjem til å vekse seg inn på jordbruksarealet i EU.

Tidlegare utgåver av internasjonalt landbruksnytt kan lesast her.
 
God jul!

Helsing Hildegunn Gjengedal,
seniorrådgjevar Norges Bondelag

EU-kommisjonen lanserer plan for karbonopptak
Som del av oppfølgjinga av den grøne given (Green Deal) lanserte EU-kommisjonen denne veka eit forslag for berekraftige karbonsyklusar. Forslaget inneheld tiltak for å ta opp, resirkulere og lagre karbon. Som del av forslaget ligg det også planar for eit rammeverk for sertifisering av karbonopptak. Dette skal skje innan utgangen av 2022. «Karbonjordbruk» (carbon farming) med auka opptak av CO2 skal stimulerast m.a. gjennom tiltak i den nye felles landbrukspolitikken (CAP), sertifiseringssystem som kan legge til rette for frivillige karbonmarknader, og meir kunnskapsbygging og rådgjeving om karbonopptak i blå og grøn sektor. Les meir om forslaget her Bonde- og samvirkesamanslutninga i EU, Copa-Cogeca, meiner dette gir gode moglegheiter for bønder og skogeigarar. Føresetninga er at forslaga er marknadsretta og tydelegare enn i dag. Gjennom forslaget vil bøndene bli belønna ved auka opptak eller redusert utslepp av karbon i jord, levande biomasse eller dødt organisk materiale. Copa-Cogeca ynskjer fleksibilitet i finansiering, og vil ha private program med involvering av bønder. Dei meiner også det må klargjerast meir t.d. korleis etableringa av karbonkredittar skal skje, tidspunkt for betaling og kvar det skal marknadsførast. WWF meiner på si side at planen let bøndene kjøpe seg unna kutt i klimautslepp. EU-bøndenes «småbrukarlag» La Via Campesina er også kritiske til forslaget som dei meiner gjer bondeinntekta avhengig av ein spekulativt karbonmarknad (EU-kommisjonen/Copa-Cogeca/AgraFacts).
 
Taksonomireglar for skog går igjennom
Rådet (medlemslanda) i EU har godkjent forslaget om reglar for grøne investeringar, kalla taksonomien, for klimaområdet. Reglane vil difor gjelde frå nyttår, ifølgje Euractiv. Forslaget har vore kontroversielt, og får konsekvensar særleg for skogen. Finland og Sverige var mellom landa som stemte imot, grunngjeve m.a. med for strenge kriterium for skogbruk. Landbruket vart teke ut av denne pakken fordi det var for kontroversielt. Også reglane for gass og atomkraft var kontroversielt, og er enno ikkje avgjort.
 
Spår skogen vil ta over jordbruksland i EU
Ekspertar frå EU-kommisjonen ventar at økologisk produksjon, mindre tilgang på plantevernmiddel, miljøkrav og meir bruk av agroøkologiske metodar vil gi fall i jordbruksarealet i EU i løpet av dei neste ti åra. Skogen vil ta over meir av areala i EU, ifølgje AgraFacts/Kommisjonen. Dette framgår av rapporten EU agricultural outlook for markets, income & environment, 2021-2031 Framskrivinga er basert på dagens landbrukspolitikk og allereie inngåtte handelsavtaler. Den har ikkje teke opp i seg den nye landbrukspolitikken som skal gjelde frå 2023 og jord-til-bord-strategien (Farm to fork).
 
Utrulling av EUs lov om god handelsskikk går tregt
I 2019 innførte EU si eiga lov om god handelsskikk, eller direktiv for urettmessige handelspraksisar eller Unfair Trading Practices (UTP). Direktivet regulerer til dømes for sein betaling, brot i kontraktar i siste liten og einsidig endring av kontraktar. No er direktivet i ferd med å bli rulla ut i medlemslanda. Utrullinga går tregt, noko du kan lese meir om her
 
Formell signering av Australia-Storbritannia-avtale
Handelsavtala mellom Australia og Storbritannia (omtala i nr 11) er no formelt signert. Australske bønder jublar, medan britiske bønder fortviler. Avtala inneber m.a. ei full liberalisering av handelen med meierivarer etter 6 år, sukker etter åtte år og storfe og lam etter 15 år. Bondelagsleiar for dei britiske bøndene, Minette Batters, sa då den førebels avtala var klar i juni at dei var svært uroa over konsekvensane av å ta bort toll på varer frå verdas største landbrukseksportør. Ho var også uroa over konsekvensar for miljø og dyrevelferd fordi Australia har lågare krav, ifølgje britiske National Farmers` Union. Når avtala no er signert gjentek Batters kritikken. – Australia har fått alt dei har bedt om på landbruk, konkluderer Batters Avtala skal tre i kraft frå 2022.
 
Droppar samanslåing av europeiske kvegavlsforeiningar
Det planlagde selskapet Arcowin blir ingenting av. Det har dei tre selskapa bak selskapet bestemt. Det danske kvegavlselskap Viking Genetics, Masterrind og Evolution har funne ut at fordelane og synergiane ikkje veg opp for ulempene og dei tekniske utfordringane med å slå seg saman. Dei tre selskapa vil framleis samarbeide om avlsprogram og utvikling innan kvegavl. VikingDanmark vil framleis eige VikingGenetics saman med Växa og Faba, ifølgje danske Landbrugsavisen.
 
Dansk klimaråd vil ha avgift på klimabelastande mat
Klimarådet som gir tilrådingar til den danske regjeringa om korleis Danmark skal bli klimanøytral innan 2050 meiner prisen på mat må avspegla klimabelastninga. Det framgår av rådets rapport som kom denne veka. Rådet ber regjeringa opne for forbrukaravgifter på utvalde klimabelastande matvarer. I løpet av 2022 skal regjeringas ekspertgruppe for grøn skattereform avlevere sin endelege rapport. Klimarådet tilrår at regjeringa utvidar mandatet sitt til å inkludere ein modell for forbruksavgifter for matvarer. Det danske bondelaget Landbrug og Fødevarer er ikkje begeistra for tilrådinga. – Det er vanskeleg å sette ei avgift på mat som avspeglar kor klimavenleg- og eller belastande den er. Ein må sjå på heile verdikjeda, seier klimadirektør Niels Peter Nørring i Landbrug og Fødevarer til Landbrugsavisen. Han meiner ein til dømes ikkje kan seie at oksekjøt, uansett opprinningsland har same klimabelasting. – Det er stor skilnad på korleis matvarer blir produsert rundt i verda. I Danmark er vi mellom dei mest klimaeffektive. Det må det takast høgde for, seier Nørring. Dansk Industri Fødevarer trur forslaget kan føre til meir grensehandel, og minner om dårleg erfaring med sukker- og sjokoladeavgifta.
 
Ny svensk minister vil auke krav og minske budsjett
Den nye svenske landsbygdministeren presenterte denne veka sin plan for gjennomføring av EUs landbrukspolitikk for perioden 2023-2027. Visse typar støtte aukar, men krava aukar også, og gardsstøtta går ned med 25%. I staden kjem miljøstøtte, som til dømes kan gå til presisjonsjordbruk. Dette er del av EUs felles regelverk. Men krava for å motta miljøstøtte gir også auka kostnader. Dermed dekker det ikkje inn tapet av gardsstøtta, seier det svenske bondelaget, LRF. – Politikken er underfinansiert og det trengst framleis ein milliard i finansiering for å kunne nå målet i (den svenske) matstrategien som Riksdagen vedtok i 2017, seier leiar i LRF, Palle Borgström.
 
Nye utbrot av fugleinfluensa i Sverige
Sverige har fått sitt fjerde utbrot av fugleinfluensa denne sesongen. 20 000 unghøns måtte nyleg avlivast på eit anlegg i Skåne. – Situasjonen er no veldig alvorleg, seier smittevernansvarleg Katharina Gielen i Jordbruksverket, ifølgje svenske ATL. Smitterisikoen er høgare i heile Sverige, særleg sørlege deler. I november vart smittenivået sett til nivå 2, noko som innebar at alle fjørfe skal haldast inne. I fjor hadde Sverige sitt høgste smittenivå nokosinne. Då måtte Sveriges største eggprodusent avlive 2 millionar verpehøns. Smitten kom då med villfuglar. Også i Storbritannia herjar no det verste utbrotet av fugleinfluensa nokosinne. No er det funne på 40 stader i Storbritannia, ifølgje Landbrugsavisen.
 
85% av danske høns har brotne brystbein
Forsking frå København universitet viser at 85% av danske verpehøns har brotskada på brystbeinet. Hønene er avla for å ta mindre plass og ete mindre og kroppen blir pressa til å lage for store egg, ifølgje studien. Den danske landbruksministeren Rasmus Prehn foreslår at EUs dyrevernreglar skal regulere tydelegare grenser for dyrevelferd i avlsprogramma, og gjennomføring av eit europeisk studie, ifølgje svenske ATL. – Ein har utvikla ei lita høne som legg større egg av økonomiske og klimamessige omsyn. No har det gått for langt, seier Prehn.
 
WTO-medlemmer vedtek 3 miljø-initiativ
Fleire WTO-medlemmer går no saman om tre ulike initiativ som skal kople handel og miljø og dra i meir berekraftig retning. Det eine initiativet dreier seg om strukturerte diskusjonar om handel og miljø, det andre om plastikk og det tredje om endring i støtte til fossile brennstoff. Rundt halvparten av medlemmene støttar eitt eller fleire av desse forslaga. Noreg er med på alle tre. WTO-medlemmene har også invitert sivilsamfunn og næringsliv til å delta i desse diskusjonane. Sjå meir på regjeringa sine heimesider om initiativa (Washington Trade Daily/Regjeringa).
 
- Amerikansk kjøtindustri utnyttar pandemien
- Data viser at dominerande kjøtforedlarar utnyttar marknadsmakta si til å auke prisar og marginar. Det framgår av ein blogg frå Det kvite hus i USA. I bloggen heiter det at Biden-administrasjonen har jobba på alle nivå for å ta tak i problem i verdikjeda for mat under pandemien. Endra matvanar, flaskehalsar og nedstengingar er denne typen utfordringar. Men for andre prisstigingar i marknaden er det andre utfordringar. – Dominerande selskap i marknader med liten konkurranse som utnyttar marknadsmakta for å auke prisar og profittmarginar. Kjøtmarknaden er eit godt døme, meiner Det kvite hus. National Farmers Union har hatt dette som hjartesak sidan oppstarten og er veldig godt nøgde med  bloggen frå Det kvite hus. Fire store selskap dominerer kjøtmarknaden i USA: Tyson, JBS, Marfrig og Seaboard. Profitten til desse selskapa har auka med 120% sidan før pandemien og netto inntekt med 500%, ifølgje Det kvite hus. Auka kjøtprisar er det som bidreg mest til auka daglegvareprisar i USA.
 
Innsamling til tornado-ramma Kentucky-bønder
Ein innsamlingsaksjon er starta for å hjelpe bønder i Kentucky som har fått gardane øydelagde av tornado. Det valdsame véret øydela kornlager og fjøs, mange bønder miste alt. Innsamlinga er starta av bondelaget Farm Bureau, universitetet og rådgjevingstenesta i Kentucky, ifølgje Oklahoma Farm Report.
 
Korleis slår EUs klimapolitikk ut i Noreg?
Til slutt, lurer du på korleis EUs plan for å nå 55% klimakutt slår ut for Noreg kan du kikke på denne rapporten frå NIBIO, Cicero, Fridtjof Nansens institutt og Transportøkonomisk institutt.

Facebook
Twitter
Instagram
Website
Copyright © 2021 Norges Bondelag

Legg oss til i dine kontakter

Din registrerte -epostadresse hos oss er <<E-postadresse>>
Endre hvordan du mottar våre nyhetsbrev  | Meld deg av vårt nyhetsbrev 

Email Marketing Powered by Mailchimp